Dactylorhiza majalis ssp. elatior
Dactylorhiza majalis ssp. elatior | |||
| |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Dactylorhiza | ||
Art: | D. majalis | ||
Vitskapleg namn | |||
Dactylorhiza majalis ssp. elatior
(Fr.) M.Hedrén & H.A.Pedersen
| |||
Økologi | |||
Utbreiing: | Gotland og Baltikum |
Dactylorhiza majalis ssp. elatior er ei plante i marihandslekta Dactylorhiza i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae. Ho veks ikkje i Noreg.
Systematikk
endreDactylorhiza majalis ssp. elatior høyrer til kongsmarihand-gruppa D. majalis. Heile gruppa er tetraploid og har truleg kome til ved hybridisering mellom dei to diploide plantene engmarihand (D. incarnata) og skogmarihand (D. maculata ssp. fuchsii), kopla med dobling av kromosomtalet.[1]
I Gyldendals store nordiske flora er Dactylorhiza majalis ssp. elatior ført opp med det norske namnet gotlandsmarihand.[2] Artsdatabanken har ikkje nokon innførsel på dette namnet.
I Estland er arten registrert med namnet Dactylorhiza osiliensis.[3]
Utbreiing
endreI Sverige (svensk namn gotlandsnycklar) finst arten berre på Gotland og er rekna som sterkt truga (EN).[4] I Estland (estisk namn Saaremaa sõrmkäpp) er han registrert med nokre få funn på Saaremaa og har status som kritisk truga (CR).[3]
Hybridar
endreHybridar med skogmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. fuchsii × majalis ssp. elatior eller Dactylorhiza ×grandis nothossp. robustior)[5] er registrert på Gotland i Sverige.[6]
Referansar
endre- ↑ Genetisk variasjon og taksonomi i gruppa blir handsama i:
Mikael Hedrén; et al. (2012). «Systematisk position av några norska Dactylorhiza-former» (PDF). Blyttia 70 (3): 139–155. ISSN 0006-5269. - ↑ Bo Mossberg og Lennart Stenberg (2018). Gyldendals store nordiske flora. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag. s. 116. ISBN 978-82-05-51139-2.
- ↑ 3,0 3,1 «eElurikkus: Dactylorhiza osiliensis» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 6. februar 2023.
- ↑ «Artfakta: Dactylorhiza majalis subsp. elatior gotlandsnycklar». Artdatabanken. Henta 24. februar 2022.
- ↑ «PoWO: Dactylorhiza × grandis nothosubsp. robustior». Plants of the World Online. Henta 27. januar 2023.
- ↑ «Artfakta: Dactylorhiza maculata subsp. fuchsii × majalis subsp. elatior skogsnycklar × gotlandsnycklar». Artdatabanken. Henta 27. januar 2023.
Bakgrunnsstoff
endre- (en) Dactylorhiza majalis ssp. elatior i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Dactylorhiza majalis ssp. elatior hos The International Plant Names Index