Dag Arnesen
Dag Syver Arnesen (fødd 3. mai 1950 i Bergen) er ein norsk jazzpianist og komponist. Han har opprinneleg bakgrunn frå klassisk musikk, men blei etter kvart ein toneangivande pianist i jazzmiljøet i Bergen. I ein periode virka Arnesen også som scenemusikar ved Den Nationale Scene. Frå 1982 har han vore vekselvis busett i Bergen og Oslo, der han har spelt med fleire artistar, mellom andre Susanne Fuhr og Knut Riisnæs, og med eigne grupper. Han skreiv tingingsverket Strøtanker og røde roser til Vossajazz i 1987, og turnerte i 1993 med eit større orkester og eigen musikk inspirert av Edvard Grieg. Album Movin' (1994), Inner Lines (1998) og Time Enough (2004). Dag Arnesen blei tildelt Buddyprisen for 2009.
Dag Arnesen | |||
| |||
Fødd | 3. mai 1950 (74 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Bergen | ||
Opphav | Noreg | ||
Sjanger | jazz | ||
Instrument | piano | ||
Plateselskap | Gemini Records | ||
Verka som | jazzmusikar, komponist, pianist | ||
Prisar | Buddyprisen, Sildajazzprisen |
Utgivingar
endre- Ny bris (Odin Records, 1982), eigen musikk, framført med Frank Jakobsen (trommer), Kåre Garnes (bass), Olav Dale (saksofon), Ole Thomsen (gitar) og Per Jørgensen (trompet).
- Renascent (Odin Records, 1989), med Svein Christiansen (trommer) og Bjørn Kjellemyr (bass).
- The Day After (Taurus, 1990), med Bjørn Kjellemyr (bass), Wenche Gausdal (vokal), Odd Riisnæs (saksofon) og Svein Christiansen (trommer).
- Photographs (Taurus Records, 1992), med Svein Christiansen (trommer), Terje Gewelt (bass) og Wenche Gausdal (vokal).
- Movin' (Taurus, 1994), instrumentalplate med Terje Gewelt (bass) og Svein Christiansen (trommer).
- Rusler rundt Grieg (NOPA NN, 1996), med 13-manns orkester.
- Inner Lines (Resonant Music, 1998), med Terje Gewelt (bass) og Svein Christiansen (trommer).
- Time Enough (Resonant Music, 2005), med Terje Gewelt (bass) og Pål Thowsen (trommer).
- Norwegian Song (Resonant Music, 2007), med Terje Gewelt (bass) og Pål Thowsen (trommer).
- Norwegian Song 2 (Resonant Music, 2009), med Terje Gewelt (bass) og Pål Thowsen (trommer).
- Norwegian Song 3 (Losen Records, 2010), med Ellen Andrea Wang (kontrabass) og Pål Thowsen (trommer).
- Grieg, Tveitt & I (Losen Records, 2015)
- Pentagon Tapes (Losen Records, 2017)
Prisar
endre- Buddyprisen (2009. Utdelt på Dokkhuset i Trondheim.
- Sildajazzprisen (2003)
- NOPA - Årets verk (1993) for Rusler rundt 152
- Vossajazzprisen 1992
Kjelder
endre- Dag Arnesen. I: Store norske leksikon, (sist oppdatert 2. desember 2009). Vitja 24. november 2014.
Bakgrunnsstoff
endre- Norsk suksessang, 3. vers. Dagbladet.no - kultur, (26. oktober 2010). * [«Norwegian Song 3» i fin, ny stil. Dagbladet.no - kultur, (28. oktober 2010).
- Dag Arnesen Norwegian Song Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine.. Kalleklev.no, (21. desember 2011).