Dag Olav Hessen
Dag Olav Hessen (fødd 6. juli 1956) er ein norsk biolog. Han er mest kjend for forsking på vatn og økologi, og for å ha skrive mykje populærvitskapleg om evolusjon. Han har gjeve ut ei rekke bøker.
Dag Olav Hessen | |||
| |||
Fødd | 6. juli 1956 | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Område | økologi, evolusjonsbiologi, biokjemi, støkiometri, biologi | ||
Yrke | professor, forskar, evolusjonsbiolog, økolog, biolog | ||
Institusjonar | Institutt for biovitenskap | ||
Alma mater | Universitetet i Oslo | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi Human-Etisk Forbund |
Hessen blei cand.real. i zoologi i 1982, tok hovudfag i offentleg rett i 1984 og blei dr.philos. i biologi i 1988. Han blei utnemnd til professor i biologi ved Universitetet i Oslo i 1993.
Utmerkingar
endre- Arthur Holmeslands pris for sakprosa i 1999 saman med Thomas Hylland Eriksen.
- Riksmålsforbundets litteraturpris i 2008.
- I 2010 vann han Akademikerprisen.
- Vart tildelt Fritt Ords honnør i 2010 for verksemda si.
- Brageprisen, klasse Faglitteratur/Sakprosa 2020 for Verden på vippepunktet
- Brageprisen sin heiderspris 2020.
Utgjevingar
endre- Det tapte paradis
- Darwins verden Omnipax forlag 1998
- Gener, Gud og Gaia: Om tilfeldigheter og skjebne.
- Egoisme, med Thomas Hylland Eriksen
- Dag Olav Hessen og Inga Bostad (red.). Et liv på mange vis: Ei antologi om Peter Wessel Zapffe, 1999.
- Hva er biologi, Universitetsforlaget, 2005
Bakgrunnsstoff
endre- Publikasjonar av Dag Olav Hessen i forskingsdokumentasjonssystemet Cristin