Daisy Jane
Daisy Jane Singel av America frå albumet Hearts | ||
B-side |
Tomorrow | |
---|---|---|
Utgjeve | Juli 1975 | |
Sjanger | Softrock | |
Lengd | 3:07 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Låtskrivar(ar) | Gerry Beckley | |
Produsent | George Martin | |
America-kronologi | ||
«Sister Golden Hair» (1975) |
Daisy Jane | «Woman Tonight» (1975)
|
«Daisy Jane» er ein song skriven av Gerry Beckley frå gruppa America, og gjeven ut i 1975 på albumet deira Hearts. Han kom ut som den andre singelen frå albumet – ein oppfølgjar til den store hitten «Sister Golden Hair» - men nådde berre 20. plassen på Billboard Hot 100, og vart den siste topp 20-hitten til det originale tre mann store America. På Easy Listening-lista nådde songen fjerdeplassen.[1] I Canada nådde «Daisy Jane» 16. plassen på poplista og andreplassen på Adult Contemporary-lista.[2][3]
Forteljaren i songen indikerer at han flyg tilbake til Memphis i håp om å få kontakt med jenta han forlét «for å streifa rundt i byen». Beckley, som skreiv songen på hytta si i East Sussex, har uttalt: «Det var ingen slik person som Daisy Jane, og eg hadde aldri eingong vore i Memphis»: Beckley meiner at han truleg henta ideen om å skriva ein song med tittelen «Daisy Jane» frå Nick Drake-songen «Hazey Jane».[4]
Cash Box kalla songen «ein øm rockeballade med George Martin sitt briljante piano- og strykarspel i overflod.»[5] Record World sa at «trioen har aldri vore heitare – eller jamnare, for den saks skuld.»[6]
Songen inneheld ein cello-solo. Produsenten George Martin spelte piano på songen.[5]
Ei finsk attgjeving som beheld tittelen «Daisy Jane» vart spelt inn av Reijo Karvonen for albumet hans Tulossa frå 1975.
Janet Jackson-sporet «Let's Wait Awhile» frå 1986-albumet hennar Control har vorte skildra som «å ha slåande likskapar» med «Daisy Jane». [7] Etter det som blir sagt, etter å ha høyrt «Let's Wait Awhile» på ein bilradio i 1987, då han var ein aktuell singel, stoppa turnemanageren for gruppa America ved ein telefonkiosk for å varsla Gerry Beckley om den openberre likskapen mellom sporet til Jackson og songen til Beckley. Til slutt nådde Beckley eit utanrettsleg forlik med Jackson og medlåtskrivarane hennar Jimmy Jam og Terry Lewis og unngjekk dermed ei rettssak for plagiat.[8] (Janet Jackson-albumet All for You frå 2001 inneheldt songen «Someone to Call My Lover» som openlyst sampla America-hiten «Ventura Highway» og der komponisten Dewey Bunnell fekk medforfattarkreditt for songen til Jackson).[7]
Salslister
endre
Vekeslisterendre
|
Årslisterendre
|
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Daisy Jane» frå Wikipedia på engelsk, den 18. april 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Daisy Jane (song by America) ••• Music VF, US & UK hits charts». Musicvf.com. 19. juli 1975. Henta 18. april 2023.
- ↑ 2,0 2,1 «Image : RPM Weekly - Library and Archives Canada». Bac-lac.gc.ca. 17. juli 2013. Henta 18. april 2023.
- ↑ 3,0 3,1 «Image : RPM Weekly - Library and Archives Canada». Bac-lac.gc.ca. 17. juli 2013. Henta 18. april 2023.
- ↑ «Music Review: America - Here and Now». BlogCritics.org. 2. januar 2007. Henta 18. april 2023.
- ↑ 5,0 5,1 «CashBox Singles Reviews» (PDF). Cash Box. 19. juli 1975. s. 13. Henta 18. april 2023.
- ↑ «Ukens hits» (PDF). Record World: 1. 19. juli 1975. Henta 18. april 2023.
- ↑ 7,0 7,1 Shields, Damien (2015). Xscape Origins: the songs and stories Michael Jackson left behind. Canton OH: Modegy LLC. ISBN 978-0986199103.
- ↑ «NY Arts Magazine - Home». 19. mars 2015.
- ↑ 9,0 9,1 Whitburn, Joel (2015). The Comparison Book Billboard/Cash Box/Record World 1954-1982. Sheridan Books. s. 15. ISBN 978-0-89820-213-7.
- ↑ «Image : RPM Weekly - Library and Archives Canada». Bac-lac.gc.ca. Arkivert frå originalen 6. oktober 2016. Henta 18. april 2023.