Sister Golden Hair

Sister Golden Hair
Singel av America
frå albumet Hearts
B-side

Midnight

Utgjeve 19. mars 1975
Innspelt 1975
Sjanger Folkrock, softrock[1]
Lengd 3:16
Selskap Warner Bros. 8086
Tekstforfattar Gerry Beckley
Låtskrivar(ar) Gerry Beckley
Produsent George Martin
America-kronologi 
«Lonely People»
(1974)
Sister Golden Hair «Daisy Jane»
(1975)


«Sister Golden Hair» er ein song av bandet America frå det femte studioalbumet deira Hearts (1975), skriven av Gerry Beckley. Det var deira andre singel som nådde førsteplassen på den amerikanske Billboard Hot 100, og heldt på topplasseringa i ei veke.[2]

Bakgrunn

endre

Beckley seier: «Det fanst eigentleg ingen Sister Gold Hair.»[3] Teksten var i stor grad inspirert av verka til Jackson Browne. Beckley sa: «Jackson Browne har ei evne til å setja ord til musikk, som er mykje meir lik L.A.-tilnærminga til berre ekte observasjon i motsetning til å forenkla det ned til det essensielle ... Eg synest Jackson kan deprimera meg litt, men berre gjennom ærlegdommen sin; og det var den stilen hans som førte til ein song av meg, 'Sister Golden Hair', som truleg er den mest L.A.-aktige av tekstane mine.»[4] Beckley la til at «Sister Golden Hair» «var ein av dei første gongane eg nytta 'ain't' i ein song, men det var ikkje noko eg med vilje prøvde å gjere. Eg berre sette meg sjølv i den sinnsstemninga og fekk den slags tekstar ut av det.»[4]

Record World sa at det er «historia om ein fyr som endeleg har funne kjærleiken, men som ikkje nødvendigvis vil gifta seg med henne.»[5]

Instrumentering

endre

Gerry Beckley sa at han spelte 12-strengs gitar, og overdubba den framståande slidegitaren. «Eg hadde ein nydeleg lap steel som David Lindley hadde plukka ut.»[3]

Musikkvideo

endre

Musikkvideoen til songen viser bandet framføra songen på The Midnight Special, eit populært musikkshow på TV. Dette er likevel ikkje ein offisiell video, berre studiosporet overdubba over framføringa.

Salslister

endre

Vekeslister

endre
Liste (1975) Plassering
Australia (ARIA)[6] 28
Canada RPM Top Singles[7] 11
Canada RPM Adult Contemporary[8] 3
New Zealand (RIANZ)[9] 26
US Billboard Hot 100[10] 1
US Easy Listening (Billboard)[11] 5
US Cash Box Top 100 [12] 2
US Record World [12] 1
US Radio & Records 1

Årslister

endre
Liste (1975) Plassering
Top 100 Songs of 1975[13] 12
Canada[14] 80
U.S. Billboard Hot 100[15] 33
U.S. Cash Box[16] 61

Kjelder

endre
  1. «Explore: Soft Rock | Top Songs | AllMusic». AllMusic. 12. november 2011. Arkivert frå originalen 12. november 2011. Henta 18. april 2023. 
  2. «The Hot 100 : Jun 14, 1975 | Billboard Chart Archive». Billboard. Henta 18. april 2023. 
  3. 3,0 3,1 Zollo, Paul (26. mars 2020). «Bak sangen: «Sister Golden Hair» av America». American Songwriter. Henta 20. juli 2020. 
  4. 4,0 4,1 Corbett, John (29. mai 2004). America Revisited - Part 3, Accessbackstage.com.
  5. «Single Picks» (PDF). Record World: 20. 5. april 1975. Henta 18. april 2023. 
  6. "Australian-charts.com – America – Sister Golden Hair". ARIA Top 50 Singles. Hung Medien. Henta 18. april 2023.
  7. «Image : RPM Weekly - Library and Archives Canada». Bac-lac.gc.ca. 17. juli 2013. Henta 18. april 2023. 
  8. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. 7. juni 1975. Henta 16. april 2023. 
  9. "Charts.org.nz – America – Sister Golden Hair". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta 18. april 2023.
  10. "America Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for America. Prometheus Global Media. Henta 18. april 2023.
  11. «America Chart History». Billboard (Prometheus Global Media). Henta 18. april 2023. 
  12. 12,0 12,1 Whitburn, Joel (2015). The Comparison Book Billboard/Cash Box/Record World 1954-1982. Sheridan Books. s. 15. ISBN 978-0-89820-213-7. 
  13. «Top 100 Songs of 1975». Oldtimemusic.com. Henta 3. oktober 2016. 
  14. «Top Singles – Volume 24, No. 14, 27. desember 1975». RPM. Library and Archives Canada. Arkivert frå originalen 29. mars 2017. Henta 28. mars 2017. 
  15. «Top 100 Hits of 1975/Top 100 Songs of 1975». Musicoutfitters.com. Henta 18. april 2023. 
  16. «Top 100 Year End Charts: 1975». Cashbox Magazine. Henta 17. januar 2015. 

Bakgrunnsstoff

endre