Kubikkmeter
eining for volum
(Omdirigert frå Dam³)
Kubikkmeter er ei SI-avleia eining for måling av volum. Symbolet for kubikkmeter er m³. Ein kubikkmeter er volumet av ein terning der kvar sida er ein meter (1000 millimeter) lang.

Ein kubikkmeter betong.
Ein kubikkmeter reint vatn ved standard lufttrykk og ein temperatur på 3,98 °C har ein masse på 1000 kg (eitt tonn), og ved 25 °C ein masse på 997,0 kg.
Kubikkmeter vert brukt mellom anna til å oppgje volumet av rom, hallar, lasterom, flyttelass, symjebasseng og store mengder av ei væske eller ein gass.
1 m³ er lik:
Og motsett:
- 1 mm³ = 0,000 000 001 m³
- 1 cm³ = 0,000 001 m³
- 1 dm³ = 0,001 m³
- 1 dam³ = 1 000 m³
- 1 hm³ = 1 000 000 m³
- 1 km³ = 1 000 000 000 m³
1 m³ er, i forhold til eininga liter, lik:
- 1 000 liter (l)
- 10 000 desiliter (dl)
- 100 000 centiliter (cl)
- 1 000 000 milliliter (ml)
Og motsett:
- 1 ml = 0,000 001 m³
- 1 cl = 0,000 01 m³
- 1 dl = 0,000 1 m³
- 1 l = 0,001 m³