Damian Warner
Damian David George Warner (fødd 4. november 1989) er ein kanadisk mangekjempar fødd i London i Ontario. Han vart olympisk meister i tikamp i 2021. Warner har i tillegg vunne VM-sølv i 2015 og 2023, samt bronsemedaljen under VM 2013, OL 2016 og VM 2019.
Damian Warner | |
Statsborgarskap | Canada |
Fødd | 4. november 1989 (35 år) London |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Friidrett under Sommer-OL 2012 – Tikamp herrer, Friidrett under Sommer-OL 2016 – Tikamp menn, Friidrett under Sommer-OL 2020 – Tikamp menn, VM i friidrett innendørs 2022 – Sjukamp menn |
Utmerkingar | Northern Star Award |
Aktiv
endreWarner forbetra sitt personbeste med over 300 poeng då han vart femtemann i tikampen under OL 2012 i London. Året etter forbetra han i Moskva-VM den personlege rekorden til 8 512 poeng og tok bronsemedaljen. Med 8 282 poeng vann Warner tikampen under samveldeleikane 2014 i Glasgow.
Ved verdsmeisterskapen i Beijing sanka Warner 8 695 poeng, sette kanadisk rekord og tok sølvmedaljen bak den suverene vinnaren, Ashton Eaton frå USA. I 2016 sikra Warner seg bronsemedaljen under sommarleikane i Rio de Janeiro. Han forbetra den kanadiske rekorden til 8 795 poeng då han i slutten av mai 2018 vann meistermøtet i Götzis, også i 2019 steig han til topps på sigerspallen i Götzis-stemnet.
Warner sigra i tikampen ved panamerika-leikane 2015 i Toronto. I 2019 forsvarte han i Lima tittelen som panamerika-meister. På tampen av same sesongen vart han tredjemann i verdsmeisterskapen i Doha. Etter eit heilt år utan tevlingar, kom Warner tilbake i sitt livs form då dei olympiske leikane vart avvikla i Tokyo. Den 4. og 5. august 2021 vann han OL-gull etter å han sanka heile 9 018 poeng. Han vart då den fjerde tikampkjempa som kleiv grensa 9 000 poeng.
Under verdsmeisterskapen 2023 nådde Warner 8 804 poeng, hans nest beste årsbeste nokon gong. Med denne poengskåren syrgde han for at det vart dobbelt kanadisk i mangekampen, ettersom landsmannen Pierce Le Page sigra med meir enn hundre poengs margin til Warner.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- OL 2012 i London: Nr 5 – 8 442 poeng
- VM 2013 i Moskva: Bronsemedalje – 8 512 poeng
- VM 2015 i Beijing: Sølvmedalje – 8 695 poeng – bakom Ashton Eaton (9 045 poeng)
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Bronsemedalje – 8 666 poeng
- VM 2017 i London: Nr 5 – 8 309 poeng
- VM 2019 i Doha: Bronsemedalje – 8 529 poeng
- OL i 2021 i Tokyo: Gullmedalje – 9 018 poeng, framom Kévin Mayer (8 726 poeng)
- VM 2022 i Eugene: Braut etter fem øvingar
- VM 2023 i Budapest: Sølvmedalje – 8 804 poeng, bakom Pierce LePage (8 909 poeng)
- OL 2024 i Paris: Braut etter åtte øvingar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Damian Warner» frå Wikipedia på engelsk, den 25. august 2021.
- «Damian Warner» (på engelsk). Olympedia. Henta 11. mars 2023.
- World Athletics