Damplastebil er ein dampdriven lastebil, som spesielt i Storbritannia spela ein sentral rolle. Men den fyrste dampdrivne lastebilen i soga vart laga av franskmannen Joseph Cugnot i 1769. Dampbilen til Cognot var eit millitært køyretøy som var tenkt nytta for å frakta artelleri. Men etter at Cognot hadde bygt eit par prototypar og kjøyrt ned ein mur vart køyretøyet parkert i eit depot.

Foden damplastebil frå 1911.
Ein restaurert Foden C-type damplastebil frå 1930, men nyttelast på 5 tonn. Bilen har heilgummidekk, med tvillinghjul på bakakselen.

Dei fyrste komersielle damplastebilane dukka opp rundt 1890. I byrjinga var dei ikkje stort meir enn ombygde damptraktorar, men etter kvart vart dei bygde som lastebilar frå grunnen av. Thornycroft og Leyland starta produksjon 1896 og Sentinetal i 1906.

Dampmaskina hadde gått gjennom ein lang utviklingsperiode, heilt frå seint på 1700-talet, og var både meir driftssiker og hadde større effekt enn forgassarmotorane som var tilgjengelege på denne tida. Heilt ut på 1930-talet var dei største lastebilane i Storbritannia dampdrivne og nokre av desse var i drift til ut på 1950-talet. Det finst fleire restaurerte damplastebilar i Storbritannia som framleis er fullt brukbare[1].

Damplastebilane kravde eit mannskap på to, ein sjåfør og ein fyrbøtar. Dei måtte stogga og etterfylla vatn på kjelen med jamne mellomrom. Om kjelen koka tom ville elden smelta kjelebotnen og den siste vasskvetten ville då renna ned i fyrrommet og bråfordampa, noko som ofte førte til at damptrykket i kjelen steig så brått at kjelen eksploderte. Kjeleksplosjonar kunne vera svært kraftige og førte ofte til dødsfall. Sjåføren og fyrbøtaren måtte difor legga opp ruta slik at dei var sikre på å finna vatn i vassreservoar langs vegen, eventuelt òg frå bekkar og vatn attmed vegen.

Kjelder endre

Sjå òg endre