Opna hovudmenyen

Dance Tonight av Paul McCartney

Dance Tonight
Singel av Paul McCartney
frå albumet Memory Almost Full
B-side «Nod Your Head» (Sly David Short mix)
Utgjeve 5. juni 2007
Innspelt Januar–februar 2007
Lengd 2:54
Selskap MPL Communications, Hear Music
Låtskrivar(ar) Paul McCartney
Produsent David Kahne
Paul McCartney-kronologi
«This Never Happened Before»
(2006)
Dance Tonight «Nod Your Head»
(2007)


«Dance Tonight» er ein song av Paul McCartney frå 2007 på albumet Memory Almost Full. Songen vart gjeven ut som digital singel i Storbritannia den 18. juni 2007, 65-årsdagen til McCartney.[1] Ei veke seinare debuterte songen på 34. plassen på UK Singles Chart. Den britiske singelen vart òg gjeven ut som ei biletplate. Den 1. juli nådde songen 26. plassen på den britiske singellista.[2][3] Songen vart nominert til Grammyprisen for beste mannlege popsong i 2008.

I USA vart songen gjeven ut som den andre singelen frå albumet. Songen nådde 69. plassen på Billboard Hot 100.[4][5]

McCartney framførte songen live i ein duett med den australske songaren Kylie Minogue på nyårssendinga til Jools Holland i 2007.

Det vart laga ein musikkvideo for songen, regissert av Michel Gondry, med Natalie Portman og Mackenzie Crook som skodespelarar.

OpphavEndra

Den venstrehendte mandolinen som vert nytta i songen vart kjøpt i ein gitarbutikk McCartney ofte vitja i London.[6] Kvar gong han spelte på mandolinen byrja den då tre år gamle dottera Beatrice å danse, og McCartney hevda at songen så skreiv seg sjølv. Det var den siste songen spelt inn for albumet.[1]

InnspelingEndra

«Dance Tonight» vart spelt inn i januar-februar 2007 i RAK Studios i London med McCartney på mandolin, elektrisk gitar, bass, trommer, klaverinstrument, perkusjon og autoharpe.[7]

InnhaldEndra

7"
  1. «Dance Tonight»
Internasjonal CD
  1. «Dance Tonight»
  2. «Nod Your Head» (Sly David Short mix)

SalslisterEndra

Liste (2007) Plassering
UK Singles Chart[2][3] 26
US Billboard Hot Digital Songs[3][4] 46
US Billboard Pop 100[3][4] 58
US Billboard Hot 100[3][4] 69

MedverkandeEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 «SINGLE DETAILS - 24.05.2007». MemoryAlmostFull.com. 24. mai 2007. Henta 27. mai 2005. 
  2. 2,0 2,1 «Official Charts: Paul McCartney». The Official UK Charts Company. Henta 26. mai 2018. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 «Paul McCartney: Artist Chart History». Billboard. Henta 1. juli 2007. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 «Paul McCartney Charts and Awards». allmusic. Henta 26. mai 2018. 
  5. Cohen, Jonathan (28. juni 2007). «Rihanna, Shop Boyz, Fergie Locked In On Hot 100». Billboard.com. Henta 26. mai 2018. 
  6. Audio Commentary from deluxe edition of Memory Almost Full.
  7. Luca Perasi, Paul McCartney: Recording Sessions (1969-2013), L.I.L.Y. Publishing, 2013, ISBN 978-88-909122-1-4, p.400.
  8. Memory Almost Full (Booklet). Paul McCartney. Hear Music. 2007.