Daniel Larsson Skjevik
norsk politikar
(Omdirigert frå Daniel Larsen Schevig)
Daniel Larsson Skjevik (1786–6. oktober 1833) var ein norsk gardbrukar og eidsvollsmann frå Beitstad i Nord-Trøndelag.
Daniel Larsson Skjevik | |||
Bilete frå boka Eidsvoldsmændene: 1814 frå 1908 | |||
Fødd | 1786 Beitstad i Nord-Trøndelag | ||
---|---|---|---|
Død | 6. oktober 1833 (47 år) | ||
Statsborgar av | Norsk | ||
Parti | Sjølvstendepartiet | ||
Yrke | Sersjant og gardbrukar | ||
Verv | Medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll | ||
Alle verv |
Skjevik var fødd i Solberg sokn i Beitstad, der far hans var gardbrukar. Sjølv tok han underoffisereksamen og vart sersjant, før han tok over farsgarden.
I 1814 var Skjevik utsending frå Første Trondhjemske Infanteri-Regiment saman med Georg Wasmuth til riksforsamlinga på Eidsvoll. Der høyrde han til sjølvstendepartiet.
Skjevik fekk Dannebrogordenens hederstegn i 1808.
Han døydde på garden sin i Solberg i 1833. I 1914 vart det reist eit minnesmerke over Skjevik og eidsvollsmannen Sivert Bratberg på Solberg gamle kyrkjegard.
Kjelder
endre- Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografi på Eidsvoll 1814
- Biografisk informasjon om Daniel Larsson Skjevik NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Steinkjerleksikonet
- Daniel Larsen Schevig frå Norsk biografisk leksikon