Daniel Ståhl (fødd 27. august 1992) er ein svensk friidrettsutøvar frå¨Järfälla kommun som vart verdsmeister 2019 og olympisk meister 2021 i diskoskasting. Tidlegare vann han sølvmedaljen i VM 2017 og EM 2018. Ståhl har eit personbeste på 71,86 meter.

Daniel Ståhl


Statsborgarskap Sverige
Fødd 27. august 1992 (31 år)
Sverige
Idrett friidrett
Tok del i

VM i friidrett 2015, EM i friidrett 2014, Friidrett under Sommar-OL 2016, VM i friidrett 2019 – Diskoskast menn, Friidrett under Sommer-OL 2020 – Diskoskast menn

Utmerkingar

Svenska Dagbladets gullmedalje

Aktiv endre

Ståhl vart femtemann i så vel Beijing-VM 2015 og Amsterdam-EM 2016. 28. august 2016 sette han personleg rekord med 68,72 då han vart svensk meister. I juni 2017 i Sollentuna forbetra han den 33 år gamle landsrekorden til Ricky Bruch med 3 cm til 71,29 meter. Under VM i friidrett 2017 fekk han sølvmedaljen, med 69,19 meter og personbeste enda han fattige 2 cm attom vinnaren, Andrius Gudžius frå Litauen. Også året etter vart det sølv og gull på dei same to karane ved europameisterskapen i Berlin, då skilde det 23 cm i favør Gudžius.

29. juni 2019 forbetra Ståhl den svenske rekorden i diskoskasting til 71,86 meter i Bottnaryd. Tre månader seinare vann han gullmedaljen då verdsmeisterskapen vart avvikla i Doha. Både i 2020- og 2021-sesongen hadde han bestekast over 71 meter. 31 juli 2021 vann han den olympiske gullmedaljen i øvinga, og fekk med seg landsmannen Simon Pettersson på sigerspallen i Tokyo.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre