Danielle Williams
Danielle Gracia Williams (fødd 14. september 1992) er ein jamaicansk friidrettsutøvar som tevlar i 100 meter hekk. Ho vann gullmedaljen i øvinga under VM i friidrett 2015 i Beijing og på ny i VM i friidrett 2023 i Budapest.
Danielle Williams | |
Statsborgarskap | Jamaica |
Fødd | 14. september 1992 (32 år) Saint Andrew Parish |
Idrett | friidrett |
Tok del i | VM i friidrett 2013, VM i friidrett 2015, Samveldeleikane 2014, Sommeruniversiaden 2013, Sommer-Universiaden 2015, Samveldeleikane 2018 |
Aktiv
endreWilliams sette personleg rekord med 12,57 sekund då ho i 2015 sigra i VM-finalen i Beijing. I 2018 forbetra ho seg til 12,48 i eit stemne i Stockholm. 20. juli 2019 sprang ho livsbeste 12,32 sekund på Olympic Stadium i London. I oktober same året tok ho bronsemedaljen i øvinga ved Friidretts-VM i Doha. Under verdsmeisterskapen 2023 i Budapest overraska Williams med å vinne gullmedaljen på korthekken med tida 12,43 sekund, hårfint framom favorittane Jasmine Camacho-Quinn og Kendra Harrison.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- VM 2013 i Moskva: Utslått i semifinalane (13,13=nr 20)
- VM 2015 i Beijing: Gullmedalje – 12,57, framom Cindy Roleder (12,59)
- VM 2017 i London: Utslått i semifinalane (13,14=nr 18)
- VM 2019 i Doha: Bronsemedalje – 12,47
- VM 2022 i Eugene: Nr 6 – 12,44
- VM 2023 i Budapest: Gullmedalje 12,43, framom Jasmine Camacho-Quinn (12,44)
Kjelder
endre- World Athletics
- Denne artikkelen bygger på «Danielle Williams» frå Wikipedia på tysk, den 7. september 2023.