Danmarks plass haldeplass
(Omdirigert frå Danmarksplass stasjon)
Danmarks plass er ein haldeplass på linje 1 på Bybanen i Bergen. Haldeplassen ligg på Danmarksplass i Årstad i Bergen, og opna 22. juni 2010.
Danmarks plass | |
Stasjonsområde | |
---|---|
Stad | Danmarksplass i Årstad i Bergen |
Distanse | 2,38 km frå Byparken |
Opna | 22. juni 2010 |
Arkitekt | CUBUS |
Plattformer | 2 |
Linjer og rutedrift | |
Linje(r) | Bybanen |
Operatør(ar) | På vegne av Skyss: Fjord1 Partner (2010-2014) Keolis Norge (2014-i dag) |
Rute(r) | Byparken-Lagunen |
Overgang | |
Buss | Vikens gate Fjøsangervegen Danmarksplass |
Plasseringa av den eine plattforma på denne haldeplassen avvik frå dei andre haldeplassane langs Bybanen. Den vestlege plattforma ligg mellom spora, ikkje på utsida av spora. Dette er gjort av di ein ikkje ynskte at dei ventande passasjerane skulle stå tett opp til den sterkt trafikkerte Fjøsangervegen. Denne utforminga gjer òg haldeplassen sikrare for passasjerane, då dei berre treng å krysse eit spor på veg til plattforma. Avstiging for sørgåande bane vert dimed på venstre side.