Dansk Estland syner til landområde i det seinare Estland som var under dansk styre på 1200-1300-talet og igjen på 1500-1600-talet.

Hertugdømmet Estland (dansk)
Ducatus Estonie (latin)
Dansk koloni

1219–1346
Flagg Våpen
Flagg Våpen
Plasseringa til Dansk Estland
Plasseringa til Dansk Estland
Kart over Terra Mariana på 1260-talet som viser Hertugdømet Estland oppe til høgre. Øya Ösel (Saaremaa) var under dansk styre frå 1559 til 1645.
Hovudstad Reval (Tallinn)
Språk Dansk, estisk og mellomnedertysk
Religion Romansk katolisisme
Poltisk struktur Koloni
Kongen av Danmark
 - 1219–1241 Valdemar II
 - 1340–1346 Valdemar IV
 - 1559–1588 Frederik II
 - 1588–1648 Christian IV
Visekonge
 - 1344–1346 Stigot Andersson
Guvernør av Ösel
 - 1562–1567 Heinrich Wulf
 - 1643–1645 Ebbe Ulfeld
Historisk periode Mellomalderen
 - Oppretta 1219
 - Slaget ved Lyndanisse 15. juni 1219
 - Tallinn vert med i Hansaen¹ 1248
 - Opphøyrde 1346
 - Dansk Ösel 1559–1645
¹ Wesenberg (Rakvere) fekk Lübeck-byrettar i 1302 av kong Erik Menved. Narva fekk slike rettar i 1345.

Danmark bygde seg opp med militærvesen og auka handel på 1100-talet. Piratverksemd med utgangspunkt i Ösel og Kurland truga etter kvart handel med Baltikum. Danske flåtestyrkar gjekk til åtak på Estland i 1170, 1194 og 1197. I 1206 leia kong Valdemar II av Danmark og erkebiskop Andreas Sunonis eit utfall mot Ösel (Saaremaa). Kongane av Danmark gjorde krav på Estland, og fekk stønad frå paven. I 1219 sigra danskane i slaget ved Lyndanisse, som la Nord-Estland under dansk styre. Danskane hadde kontroll over området til det estiske opprøret i 1343, då området vart teke over av den tyske riddarordenen og endeleg seld av Danmark i 1346.

I 1559 under den liviske krigen selde biskopen av Ösel-Wiek i Gamle Livland landområda sine til Fredrik II av Danmark-Noreg for 30 000 thaler. Den danske kongen gav området til den yngre bror sin Magnus av Holstein, som gjekk i land på Saaremaa med hæren sin i 1560.[1] Heile Saaremaa vart under dansk herredøme i 1573, til det vart overført til Sverige i 1645 ved Freden i Brömsebro.[2]

Sjå òg

endre

Referansar

endre
  1. Frucht, Richard (2005). Eastern Europe. ABC-CLIO. s. 70. ISBN 1576078000. 
  2. Williams, Nicola; Debra Herrmann; Cathryn Kemp (2003). Estonia, Latvia & Lithuania. University of Michigan. s. 190. ISBN 1740591321.