Visekonge er nokon som styrer på vegner av ein konge, i namnet til kongen og med kongeleg mynde.

Francisco de Almeida, den første visekongen av Portugisisk India.

Tittelen har vore nytta av herskarar med store landområde, særleg for territorium eit stykke sentralmakta. Det blei først nytta på 1300-talet av kongemakta Aragón, som omfatta område spreidde rundt Middelhavet. Guvernørane på Sardinia og Korsika var då visekongar. Seinare nytta Spania, som hadde absolutt monarki, visekongar til å styra det spanske imperiet som strekte seg over store delar av verda. Det britiske imperiet utnemnde visekongar i India og Irland.

Den norske grunnlova la grunnen for at kongen kunne utnemna ein visekonge. Denne stillinga blei oppheva gjennom ei grunnlovsendring i 1891.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  • Berg, Ole T., visekonge (12. november 2012), Store norske leksikon. Henta 21. februar 2014.