Danskevika er ei vik i Sørfjorden ved garden Indre Songstad i Arna i Bergen.[1] Då ein ny jarnbanetrasé med tunnel mellom Trengereid stasjon og Takvam haldeplassBergensbanen vart planlagd tidleg i 2000-åra, ville Jernbaneverket bruke Danskevika som dumpeplass for tunnelmassane.[2] Det vart òg planlagd eit tverrslag til hovudtunnelen på grunn av dumpinga.[2] Oppdrettsannlegget som ligg i Danskevika måtte òg verte flytta om ein skulle fylt att vika.[2]

Danskevika
vik
Land  Noreg
Kart
Danskevika
60°25′23″N 5°33′20″E / 60.423167°N 5.555594°E / 60.423167; 5.555594

Namnet Danskevika vart vedteke av Statens kartverk 6. september 1995.[3]

Fotnotar endre

  1. «Danskevika». Miljødirektoratet. Henta 20. februar 2015. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Bergen kommune, fagnotat». Bergen kommune. 1. desember 2003. Henta 20. februar 2015. 
  3. «Danskevika». Statens kartverk. Henta 20. februar 2015.