Dartryfjella
Dartryfjella (engelsk Dartry Mountains, irsk Sléibhte Dhartraí[1] er ei fjellkjede nordvest på Irland, nord i Sligo og Leitrim. Dei ligg mellom Lough Melvin, Lough Gill og Lough MacNean. Det høgaste punktet er Truskmore som er 647 meter (2 123 ft).[2] Andre viktige toppar er Benbulbin på 526 meter (1 726 ft), Benwiskin på 514 meter (1 686 ft) og Tievebaun på 611 meter (2 005 ft).
Dartryfjella | |||
fjellkjede | |||
Land | Irland | ||
---|---|---|---|
Dartryfjella 54°20′00″N 8°25′00″W / 54.333333333333°N 8.4166666666667°W | |||
Wikimedia Commons: Dartry Mountains |
Fjella har namn etter den gamle túath-inndelinga Dartraighe, som tilhøyrde kongedømet Bréifne. Fjella er svært nær Breifnefjella, som ligg i søraust.
Fjellkjeda er danna av eit stort oppdelt kalksteinplatå.[3] Brear har skore ut dei særskilde formene i fjellkjeda. Ho omfattar dalane Glencar, Glenade og Gleniff.
Kjelder
endre- ↑ Dartry Mountains. Placenames Database of Ireland.
- ↑ Truskmore. MountainViews.ie.
- ↑ Guilfoyle, Michael (14. februar 2015). «Go Walk: Dartry Mountains, Co Sligo». The Irish Times. Henta 20. desember 2018.
- Denne artikkelen bygger på «Dartry Mountains» frå Wikipedia på engelsk, den 14. juli 2020.