County Leitrim
Contae Liatroma
Våpen
Land  Irland
Del av Irland
Hovudstad Carrick-on-Shannon
Areal 1 588 km²
Folketal 28 837  (2006)
Folketettleik 18 / km²
Provins Connacht
Bilnummer LM
Kart
County Leitrim
54°7′0″ N 8°0′0″ W
Wikimedia Commons: County Leitrim
Nettstad: www.leitrimcoco.ie

County Leitrim (irsk Contae Liatroma) er eit grevskap i Republikken Irland nordvest på Irland i provinsen Connacht. Namnet kjem frå liath druim, som tyder grå åsrygg.

Grevskapet er av dei tynnast folkesette i Republikken Irland. Av kystgrevskapA har det òg den kortaste kystlinja, berre omkring 3 km med strand ved Bundoran. Administrasjonsbyen er Carrick-on-Shannon, ein liten by med berre 2 237 innbyggjarar (2002). Grevskapet fekk sitt første lyskryss i 2003, då eit slikt vart sett opp i Carrick-on-Shannon.

County Leitrim grensar til Donegal Bay og Donegal i nord, Fermanagh i Nord-Irland og Cavan i aust, Longford og Roscommon i sør og Sligo i vest.

Historie endre

I keltisk tid utgjorde Leitrim den vestlege halvdelen av kongedømet Bréifne. Regionen var lenge underlagt O'Rourke-familien frå Dromahair og den heraldiske løva deira er framleis med i våpenet til grevskapet. Leitrim var nært knytt til den austlege delen av Breifne, i dag i Cavan.

1200-talet kom normannarane og tok det sørlege Breifne. Dei heldt området fram til dei irske landeigarane vart tvungne i eksil i 1620.

Grevskapet Leitrim vart oppretta av Sir John Perrott i 1565. Omkring 1583 definerte han grensene slik dei er i dag.

Fram til 1600-talet skal det ha vore fem store skoger i Leitrim. Desse områda er no dekte av myr. Då trea forsvann var det ikkje lenger noko som kunne halde på vatnet, og mykje av jordbruksområda er svært våte. Lokale bønder seier at jorda «ikkje vert seld i hektar, men i gallons». Dermed er kveg og poteter dei einaste landbruksprodukta som er egna i Leitrim, og potetnøden råka derfor området særs hardt. Det skulle ta 60 år før folkesetnaden byrja å vokse igjen etter hungersnøden.

Byar og landsbyar i Leitrim endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre