Ben Bulben
Ben Bulben (òg stava Benbulben eller Benbulbin, irsk Binn Ghulbain) er eit fjell i County Sligo i Republikken Irland. Fjellet er ein Ben (irsk namn for ein stor steinformasjon forma av isbrear).
Ben Bulben | |||
fjell | |||
Nordsida av Ben Bulben ein skya dag
| |||
Land | Republikken Irland | ||
---|---|---|---|
Region | Sligo | ||
Fjellkjede | Dartryfjella | ||
Høgd | 526 moh. | ||
Koordinatar | 54°22′N 8°28′W / 54.367°N 8.467°W | ||
Ben Bulben 54°22′00″N 8°28′00″W / 54.366666666667°N 8.4666666666667°W | |||
Wikimedia Commons: Benbulbin |
Etymologi
endre«Ben Bulben», «Benbulben» og «Benbulbin» er alle angliserte utgåver av det irske namnet «Binn Ghulbain». «Binn» er eit ord som ofte vert nytta for «topp» eller «fjell», medan «Ghulbain» anten tyder «Gulban sitt» eller «kjeveforma».
Geologi
endreDanning
endreBen Bulben vart forma under den siste istida. Det var opphavleg ein stor rygg, men isbreane skar seg ned i fjellet og danna den karakteristiske formasjon ein kan sjå i dag.[1]
Bergart
endreDei brattare sidene av Ben Bulben består av kalkstein. Dei glattare sidene av fjellet består av skifer. Desse bergartane vart danna for om lag 320 millionar år sidan.
Klatring
endreKlatring av fjellet er populært, men nordsida kan vere farleg med kraftig vind frå Atlanterhavet. Sørsida er derimot lettare og er ikkje like bratt. Frå toppen av fjellet har ein flott utsyn over landskapet Yeats.
Plante- og dyreliv
endreBen Bulben har fleire unike planter og har mellom anna planter ein ikkje finn andre stader på Irland. Mange er arktisk-alpine planter, som opphavleg vart frakta her av isbrear som smelta. Av dyr finn ein hare og rev.
I irsk historie
endreKeltiske segner
endreBen Bulben er medverkande i mange keltiske segner. Det skal mellom anna ha vore bustaden til Fianna, ein krigarbande som levde på 200-talet. Eit døme er soga der krigaren Diarmuid Ua Duibhne (Diarmund) vert lurt av kjempa Fionn mac Cumhaill (Finn McCool) til å slåst med eit forheksa villsvin, som seinare tar livet av krigaren ved å spidde hjartet hans med støttanna. Fjellet skal ha vore kvilestaden til Diarmuid and Grainne. På 500-talet skal St. Columba ha ført tre tusen soldatar opp Ben Bulben for å kjempe om rettane for helgenen til å kopiere frå ei utgåve av Davids salmar han hadde lånt frå St. Finnian.[2]
Den irske borgarkrigen
endreI september 1922, under den irske borgarkrigen, vart ein armert bil frå IRA trengt opp i eit hjørne og dei ni soldatane frå IRA flykta opp Ben Bulben. Til slutt vart alle drepne, etter seiande etter at dei hadde overgjeve seg.
-
Austsida av Ben Bulben
-
Eit anna bilete av austsida
-
Sett frå sør
-
Bun Bulben med Sligo Bay i føregrunnen
-
Eit anna bilete frå aust
-
Sida av Ben Bulben.
-
Toppen av Ben Bulben.
-
Ein snødekt Ben Bulben sett frå Sligo Bay.
Under Ben Bulben
endreDet kjende diktet Under Ben Bulben, skriven av William Butler Yeats, er hovudsakleg ei skildring av landskapet Yeats Country (som er kalla opp etter forfattaren). Det skildrar kva han såg i Yeats Country. Følgjande er eit utdrag frå Under Ben Bulben:
« |
Under bare Ben Bulben's head Cast a cold eye |
» |
Fotnotar
endre- ↑ «RootsWeb: IRL-SLIGO-L Climbing Benbulben». Henta 10. april 2007.
- ↑ Michael Bright (2005). 1001 Natural Wonders You Must See Before You Die. Quintet Publishing Limited. ISBN 0-7641-5817-1.
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ben Bulben» frå Wikipedia på engelsk, den 20. oktober 2007.