Das Model
Singel av Kraftwerk
frå albumet Die Mensch-Maschine
B-side

«Neonlicht» (1978, Tyskland)
«The Model» (1981, Tyskland)
«Computer Love» (1981, UK)

Språk tysk
Utgjeve September 1978 (Tyskland)
Desember 1981 (UK)
Innspelt 1977–1978
Sjanger Synthpop, elektronisk
Lengd 3:38
Selskap EMI Kling Klang 1C 00645109 (1978, Tyskland)
EMI Kling Klang 1C 006 78078(1981, Tyskland)
EMI Capitol EMI5207 (UK)
Komponist Karl Bartos, Ralf Hütter
Tekstforfattar Ralf Hütter, Emil Schult
Produsent Ralf Hütter, Florian Schneider
Kraftwerk-kronologi 
«Die Roboter»
(1978)
Das Model «Taschenrechner»
(1981)


«Das Model» (på albumet skrive: «Das Modell»; engelsk versjon: «The Model») er ein song av electro-pop-gruppa Kraftwerk frå 1978. Han vart skriven av Ralf Hütter og Karl Bartos, med Emil Schult medverkande på tekst. Songen vart gjeve ut på albumet Die Mensch-Maschine (engelsk versjon The Man-Machine.

Songen vart først gjeve ut som singel i Tyskland medan den engelskspråklege versjonen av songen vart gjeven ut som B-side til singelen «Computer Love» i juli 1981. Denne versjonen nådde 36. plassen på den britiske singellista. Då radio-DJar starta å spele B-sida, gav EMI ut at singelen på ny i desember 1981 - visstnok mot ønsket til bandet - med «The Model» som A-side. Denne nådde førsteplassen på den britiske singellista i februar 1982 og låg i alt 21 veker inne på Topp 25 på UK singles charts.[1]

Lister endre

Liste (1978) Plaslsering
Nederland[2] 43
U.S. Billboard Hot Dance Club Play[3] 39
Liste (1982) Plassering
Tyskland 7
Nederland[2] 41
Irland[4] 4
UK Singles Chart[1] 1

Rammstein-versjonen endre

Das Modell
Singel av Rammstein
B-side

«Kokain»
«Alter Mann»

Språk tysk
Utgjeve 23. november 1997
Innspelt Temple StudiosMalta, 1997
Sjanger Neue Deutsche Härte, industrial metal
Lengd 4:46
Selskap Motor Music
Komponist Karl Bartos, Ralf Hütter
Tekstforfattar Ralf Hütter, Emil Schult
Produsent Jacob Hellner med Rammstein
Rammstein-kronologi 
«Du hast»
(1997)
Das Modell «Du riechst so gut '98»
(1998)


Det tyske tanz metal-bandet Rammstein spelte inn ein tysk versjon av «Das Model» i 1997 som «Das Modell». Songen var ikkje gjeve ut på noko album.

«Das Modell» vert introdusert av ei fransk setning av filmregissøren Mathilde Bonnefoy:[5] «Mesdames et messieurs, nous avons l'honneur ce soir, de vous présenter la nouvelle collection de Rammstein» som tyder «Damer og herrar, i kveld har me den ære og presentere den nye samlinga til Rammstein for dykk» –

Konsertversjonar endre

Trass i at han vart gjeven ut som singel, vart «Das Modell» berre framført på konsert ein gong, den 23. oktober 1998 i St. Louis, MO, USA, under Family Values-turneen.[6]

Lister endre

Liste (1997/1998) Plassering
Tyskland 5
Austerrike[7] 18
Sverige[8] 41

Andre versjonar endre

Songen vart først spelt inn av Snakefinger på debutalbumet hans Chewing Hides the Sound i 1979. Støyrockpinoerane Big Black spelte songen på albumet deira Songs About Fucking i 1987. Han er òg spelt inn av The Cardigans, The Members, Terrorvision (med Die Cheerleader), Carter USM, Canasta, The Divine Comedy, Electric Six, Yat-Kha, Balanescu Quartet, Hikashu, Ride, Chris Whitley, Aviador Dro, Eläkeläiset og Zoot Woman, Scala & Kolacny Brothers, Messer Chups, Demolition Group, Wunderkind, Treble Spankers, Fink, Tickled Pink, Sopor Aeternus & the Ensemble of Shadows (på latinsk som 'Modela Est'), Supernaut og Lola Dutronic.

Kjelder endre

}}

Bakgrunnsstoff endre