Neon Lights

(Omdirigert frå Neonlicht)
Neon Lights
Singel av Kraftwerk
frå albumet Die Mensch-Maschine
B-side

«Trans-Europe Express»
«The Model»

Språk engelsk
Utgjeve 1978
Sjanger Elektronisk musikk
Lengd 9:03 (album)
3:21 (singel)
Selskap Capitol
Komponist Ralf Hütter, Florian Schneider, Karl Bartos
Tekstforfattar Ralf Hütter
Produsent Ralf Hütter, Florian Schneider
Kraftwerk-kronologi 
«The Model»
(1978)
Neon Lights «Pocket Calculator»
(1981)


«Neon Lights» (tysk versjon: «Neonlicht») er ein song av Kraftwerk frå albumet deira Die Mensch-Maschine i 1978. Songen vart opphavleg gjeveb ut som B-side til singelen deira «The Model» («Das Model»), men seinare vart sidene byta om.

Lister

endre
Liste (1978/1979) Plassering
UK Singles Chart[1] 53
U.S. Billboard Hot Dance Club Play[2] 39

Andre versjonar

endre

«Neon Lights» vart omarbeidd til eit tema for eit kanadisk dataopplæringsprogram på TV i 1983 kalla Bits and Bytes. Songen vart spelt inn av Love Tractor på 'til the Cows Come Home (1984). OMD spelte inn ein versjon for albumet deira Sugar Tax i 1991. Songen vart òg framført av Señor Coconut y Su ConjuntoEl Baile Alemán, eit album av Kraftwerk-songar gjort i latinamerikansk stil. Simple Minds gav i 2001 ut coveralbumet Neon Lights og hadde med songen. U2 spelte òg inn ein versjon av «Neon Lights» for somme versjonar av singelen «Vertigo» i 2004.

Kjelder

endre