Programvare

uhandgripeleg, eksekverbar del av ein datamaskin
(Omdirigert frå Dataprogram)
Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Programvare».

Programvare er data i form av instruksjonar som styrer kva slags operasjonar ein sentralprosessoren i ei datamaskin skal utføra. Ulike program kan ha forskjellig funksjonalitet, som å handsama grafikk på skjermen, simulera fysiske system, kommunisera med andre datamaskinar og så vidare.

Programmet er som regel lagra på eit platelager eller eit anna lagringsmedium. Før det kan køyrast må eit programmet lastast inn i RAMminne, slik at det snøgt kan hentast inn i prosessoren, via systembussen. Program er som oftast oppbygd av fleire modular, plasserte i programvarebibliotek. Nokre bibliotek er dynamisk linka til programmet som nyttar det. Slike bibliotek vert ikkje lasta inn i RAM før det er bruk for koden dei inneheld.

Klassifisering endre

Ein skil mellom ulike typar program, etter kva dei vert nytta til og korleis dei vert nytta. Grensene mellom dei er ikkje alltid klåre.

Systemprogramvare endre

Systemprogramvare er programvare som brukaren ikkje nyttar direkte, men som utfører viktige funksjonar som må til for at ei datamaskin skal fungera. Typiske døme er operativsystem, drivarar, nettverksstablar, og så vidare.

Administrasjonsverktøy endre

Dette er program som vert nytta for å administrera ei datamaskin, som til dømes verktøy for å installera og/eller oppdatera programvare, administrasjonsverktøy for å endra innstillingar, sikkerheitskopieringsprogram og så bortetter.

Brukarprogram endre

Brukarprogram er program som brukaren av datamaskina brukar direkte, som til dømes teksthandsamarar, rekneark, nettlesarar, lydavspelarar, simulatorar, og så vidare. Det er brukarprogramma dei fleste brukarane har mest kontakt med. Dei fleste brukarprogram nyttar underliggande systemprogramvare, som drivarar, protokollstablar og så vidare, utan at brukaren treng vita om det.

På grunn av at det finst så mange ulike brukarprogram er det uråd å nemna alle. Ein kan likevel klassifisera dei mest vanlege i nokre generelle kategoriar:

Programvareutviklingsverktøy endre

Utviklingsverktøy er program for utvikling av programvare, som:

Sjå òg endre