Dave Sinclair
David Sinclair (fødd 24. november 1947) er ein klaverspelar (orgel, piano, cembalo, elektrisk piano, Mellotron og meir) knytt til Canterbury scene sidan slutten av 1960-åra. Han vart kjend med musikkgruppa Caravan og skreiv somme av dei mest kjende songane deira, som «For Richard», «Nine Feet Underground», «The Dabsong Conshirtoe» og «Proper Job/Back To Front».
Dave Sinclair | |||
| |||
Fødd | 24. november 1947 (77 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Herne Bay i Kent | ||
Fødenamn | David Michael Richard Sinclair | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1960– | ||
Sjanger | progressiv rock | ||
Instrument | piano | ||
Verka som | pianist, komponist, låtskrivar |
Biografi
endreHan starta karrieren sin kring 1966-1967 med The Wilde Flowers, før han var med å skipe Caravan i 1968 med syskenbarnet Richard Sinclair (bass/vokal), Pye Hastings (gitar/vokal) og Richard Coughlan (trommer) og var inn og ut av dette bandet i 35 år. Innimellom periodane i Caravan, var han medlem av Matching Mole (1971–72), Hatfield and the North (1972–73), The Polite Force (1976–77) og Camel (1978-1979).
Tidleg i 2000-åra gav han ut to soloalbum, Full Circle og Into the Sun (begge 2003). Han flytta til Kyoto i Japan i 2005. Det siste soloalbumet hans, Out of Sinc, kom ut i juni 2018.
Diskografi
endreSolo
- 1993 - Moon Over Man (Voiceprint VP119CD)
- 2003 - Full Circle (DSincs-Music 001)
- 2003 - Into the Sun (DSincs-Music 002)
- 2010 - Pianoworks I - Frozen In Time (CRSCNT 001)
- 2011 - Stream (CRSCNT 002)
- 2014 - The Little Things (DSincs-Music)
- 2018 - Out of Sinc (DSincs-Music)
Caravan
- 1968 - Caravan (Verve VLP 6011 now released on HTD Records as HTDCD 65)
- 1970 - If I Could Do It All Over Again I'd Do It All Over You (Decca SKL-R 5052)
- 1971 - In the Land of Grey and Pink (Deram SDL-R 1)
- 1973 - For Girls Who Grow Plump in the Night (Deram SKL-R 12)
- 1974 - Caravan and the New Symphonia (Decca SKL-R 1110)
- 1975 - Cunning Stunts (Deram SKL-R 5210)
- 1980 - The Album (Kingdom KVL 9003)
- 1982 - Back to Front (Kingdom KVL 5011)
- 1995 - The Battle of Hastings (HTD Records HTDCD 41)
- 2004 - The Unauthorized Breakfast Item (to spor) (Eclectic Discs ECL 1001)
Camel
- 1978 - Breathless (Deram 820 726-2)
Robert Wyatt
- 1971 - The End of an Ear (CBS 64189)
Matching Mole
- 1972 - Matching Mole (CBS 64850)
Richard Sinclair's Caravan of Dreams
- 1992 - Richard Sinclair's Caravan of Dreams (HTD CD7)
- 1993 - An Evening of Magic (HTD CD 17)
Polite Force
- 1997 - Canterbury Knights (Voiceprint VP187)
Filmography
endre- 2015: Romantic Warriors III: Canterbury Tales (DVD)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dave Sinclair» frå Wikipedia på engelsk, den 26. oktober 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Heimeside