For Girls Who Grow Plump in the Night
For Girls Who Grow Plump in the Night Studioalbum av Caravan | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 5. oktober 1973 | |
Studio | Tolling Park Studios; Chipping Norton Recording Studios; Decca Studios, West Hampstead | |
Sjanger | Progressiv rock, Canterbury scene | |
Lengd | 45:43 | |
Selskap | Deram | |
Produsent | David Hitchcock | |
Caravan-kronologi | ||
---|---|---|
Waterloo Lily (1972) |
For Girls Who Grow Plump in the Night | Caravan and the New Symphonia (1974)
|
For Girls Who Grow Plump in the Night er det femte studioalbumet til Canterbury scene-bandet Caravan, utgjeve i oktober 1973.[2]
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Bakgrunn
endreEtter dårlege salstal, trass gode kritikkar, med dei tre første albuma deira, slutta den opphavlege klaverspelaren Dave Sinclair. Han vart erstatta av Steve Miller for det neste albumet deira, Waterloo Lily, som kom ut før For Girls Who Grow Plump in the Night. Richard Sinclair og Miller ønskte å ta bandet meir i retning av jazzrock, medan dei andre i bandet ønskte å halde seg til den opphavlege stile deira. Bandet enda opp med å bli oppløyst då Sinclair og Miller slutta.[3] Dei var med å skipe Hatfield and the North i lag med medlemmar av det førre bandet til Miller, Delivery. Hastings og Coughlan valde å halde fram som Caravan, og duoen henta inn bratsjisten Geoffrey Richardson, bassisten Stu Evans og klaverspelaren Derek Austin og turnerte mykje. Denne besetninga spelte ikkje inn musikk i lag før Evans vart erstatta av John G. Perry og Dave Sinclair kom attende i gruppa i 1973.
For Girls Who Grow Plump in the Night fekk god kritikk og synte at gruppa kunne overleve utan vokalisten Richard Sinclair. Jimmy Hastings tok seg av orkestreringa i lag med Martyn Ford og John Bell, medan Mike Ratledge frå Soft Machine medverka med det instrumentale stykket, «Backwards» som ein del av ein medley.
Innhald
endreAlle songar skrivne av Pye Hastings, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Memory Lain, Hugh / Headloss» | 9:19 |
2. | «Hoedown» | 3:20 |
3. | «Surprise, Surprise» | 4:07 |
4. | «C'thlu Thlu» | 6:15 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
5. | «The Dog, The Dog, He's at It Again» | 5:58 | |
6. | «Be All Right / Chance of a Lifetime» | 6:37 | |
7. | «L'Auberge du Sanglier / A Hunting We Shall Go / Pengola / Backwards / A Hunting We Shall Go (reprise)» | Pye Hastings, John G. Perry, Mike Ratledge | 10:07 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
8. | «Memory Lain, Hugh/Headloss» | 9:18 | |
9. | «No! (Be Alright)/Waffle (Chance of a Lifetime)» | 5:09 | |
10. | «He Who Smelt It Dealt It (Memory Lain, Hugh)» | 4:42 | |
11. | «Surprise, Surprise» | 3:15 | |
12. | «Derek's Long Thing» | Richard Coughlan, Pye Hastings, Geoff Richardson, Derek Austin, Stuart Evans | 10:57 |
Medverkande
endre- Caravan
- Pye Hastings – gitar, vokal
- Geoff Richardson – bratsj
- David Sinclair – orgel, piano, elektrisk piano, Davoli synthesizer, ARP-synthesizer på (2)
- John G. Perry – bass, vokal, perkusjon
- Richard Coughlan – trommer, perkusjon, paukar
- Andre medverkande
- Rupert Hine – ARP-synthesizer (1, 2 & 6)
- Frank Ricotti – conga (2, 3, 5, 7)
- Jimmy Hastings – fløyte (1)
- Paul Buckmaster – elektrisk cello (7)
- Tony Coe – klarinett, tenorsaksofon (1)
- Pete King – fløyte, altsaksofon (1)
- Harry Klein – klarinett, barytonsaksofon (1)
- Henry Lowther – trompet (1)
- Jill Pryor – stemme (5)
- Chris Pyne – trombone (1)
- Barry Robinson – pikkolofløyte (1)
- Tom Whittle – klarinett, tenorsaksofon (1)
- Orkester arrangert av John Bell og Martyn Ford, dirigert av Martyn Ford
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «For Girls Who Grow Plump in the Night» frå Wikipedia på engelsk, den 27. oktober 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Planer, Lindsay (2011). «For Girls Who Grow Plump in the Night - Caravan | AllMusic». AllMusic.com. Henta 26. oktober 2019.
- ↑ «AllMusic: For Girls Who Grow Plump in the Night > Overview». www.AllMusic.com. Henta 27. oktober 2019.
- ↑ «CARAVAN For Girls Who Grow Plump in the Night music reviews and MP3». www.progarchives.com. Henta 27. oktober 2019.
Bakgrunnsstoff
endre- «For Girls Who Grow Plump in the Night released by Caravan in 1973 (ProGGnosis Release Page)». www.proggnosis.com. Henta 27. oktober 2019.
- «Ground and Sky review: Caravan - For Girls Who Grow Plump in the Night». www.progreviews.com. Arkivert frå originalen 17. mars 2016. Henta 27. oktober 2019.
- Caravan - For Girls Who Grow Plump in the Night (1973) på AllMusic.com
- Caravan - For Girls Who Grow Plump in the Night (1973) på Discogs.com
- Caravan - For Girls Who Grow Plump in the Night (1973) på ProgArchives.com