David Halberstam
David Halberstam (10. april 1934–23. april 2007) var ein amerikansk journalist og forfattar, fødd i New York by. Han var son av ein kirurg og ein lærar. 13 av bøkene hans vart bestseljarar.
David Halberstam | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 10. april 1934 New York by |
Død |
23. april 2007 (73 år) |
Yrke | historikar, skribent, journalist |
Språk | engelsk |
Ektefelle | Elżbieta Czyżewska |
David Halberstam på Commons |
Halberstam fullførte journalistikkstudiane ved Harvard-universitetet i 1955, og byrja karrieren sin med å skriva for avisa Daily Times Leader i West Point i Mississippi. Mot slutten av 1950-åra og tidleg i 1960-åra dekte han byrjinga på borgarrettsrørsla for avisa Nashville Tennesseean.
I midten av 1960-åra dekte han Vietnamkrigen for New York Times, der reportarverksemda hans leidde den amerikanske presidenten John F. Kennedy til å be om at han vart overført til eit anna byrå. Han vann Pulitzer-prisen for internasjonal reportasje i 1964.
Seinare i karrieren skreiv Halberstam om emne innan historie og sport. Han har også arbeidd med ei bok om Koreakrigen.
Bøker
endre- The Unfinished Odyssey of Robert Kennedy, 1965
- The Making of a Quagmire: America and Vietnam during the Kennedy Era, 1965
- Ho, 1971
- The Best and the Brightest, 1972
- The Powers That Be, 1979
- The Amateurs: The Story of Four Young Men and Their Quest for an Olympic Gold Medal, 1985
- The Reckoning, 1986
- Summer of '49, 1989
- The Next Century, 1991
- The Fifties, 1993
- October Nineteen Sixty-Four, 1994
- Freedom Riders, 1998
- The Children, 1999
- Playing for Keeps: Michael Jordan and the World He Made, 1999
- Sports on New York Radio: A Play-By-Play History, 1999
- War in a Time of Peace: Bush, Clinton, and the Generals, 2001
- Firehouse, 2002
- The Teammates, 2003
Bakgrunnsstoff
endre- Biografi Arkivert 2005-10-27 ved Wayback Machine.