Hugh David Politzer

amerikansk fysikar
(Omdirigert frå David Politzer)

Hugh David Politzer (fødd 31. august 1949) er ein amerikansk fysikar og nobelprisvinnar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 2004 saman med landsmennene David Gross og Frank Wilczek for bidraget til å forstå den sterke kjernekrafta som knyter protona og nøytrona saman til atomkjerner. Arbeidet som han fekk Nobelprisen for vart publisert i Physical Review Letters i 1973 som den første publiserte artikkelen hans.

Hugh David Politzer
Fødd31. august 1949
New York by
NasjonalitetAmerikansk
OmrådeFysikk
Yrkefysikar, kjernefysiker, universitetslærar, teoretisk fysikar
InstitusjonarCalifornia Institute of Technology
Alma materThe Bronx High School of Science
University of Michigan
Harvard University
DoktorgradsrettleiarSidney Coleman
Kjend forKvantekromodynamikk
Asymptotisk frihet
UtmerkingarNobelprisen i fysikk (2004)
MedlemAmerican Academy of Arts and Sciences
American Physical Society

Nobelprisen
Nobelprisen i fysikk
2004

Politzer vart fødd i New York i ein familie av slovakisk opphav. Han vart uteksaminert ved Bronx High School of Science i 1966 og fekk ein Bachelor frå University of Michigan i 1969 og ein filosofisk doktorgrad frå Harvard University under rettleiing av Sidney Coleman.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre