Dedicated av The Marshall Tucker Band
Dedicated Studioalbum av The Marshall Tucker Band | ||
Utgjeve | 1981 | |
Sjanger | Southern rock, countryrock | |
Lengd | 37:37 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Produsent | Tom Dowd | |
The Marshall Tucker Band-kronologi | ||
---|---|---|
Tenth (1980) |
Dedicated | Tuckerized (1982)
|
Dedicated er det tiande studioalbumet til det amerikanske rockebandet The Marshall Tucker Band, gjeve ut i 1981. Det vart «dedisert» til den tidlegare bassisten og medlemmet deira Tommy Caldwell, som omkom i ei bilulukke året før. Han var bror til Toy Caldwell i bandet. Berre ein månad før ulukka til Tommy, hadde ein annan bror av dei, Timmy, omkomme i ei liknande bilulukke.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Albumet vart produsert av Tom Dowd og er eit nokså glatt og polert album. Det var det første albumet med Franklin Wilkie på bassgitar, som tok over for Tommy Caldwell.
Gruppa var i grenseland mellom radiovennleg rock og ein southern rock-stil som var populær på denne tida, med songar som «Rumors Are Raging», «Tonight's the Night» og «Love Some». Charlie Daniels var gjesteartist på fele og gav somme songar ein smak av country.
Allmusic skreiv om albumet: «Den ubestridde kronjuvelen er avslutningssporet 'Ride in Peace', som er eit rørande farvel til dei to Caldwell-brørne, spelt inn på eitt enkelt forsøk i det som står som den beste songen gruppa nokon gong spelte inn.»[1]
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Toy Caldwell, utanom der andre er nemnde[2].
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Rumors Are Raging» | Toy Caldwell, Paul Riddle | 4:10 |
2. | «Tonight's The Night (For Making Love)» | George McCorkle | 3:57 |
3. | «Love Some» | Alan Tarney, Trevor Spencer | 2:55 |
4. | «Silverado» | McCorkle | 4:10 |
5. | «Something's Missing In My Life» | 3:31 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «This Time I Believe» | 3:19 |
7. | «Tell The Blues To Take Off The Night» | 4:51 |
8. | «Special Someone» | 4:01 |
9. | «The Time Has Come» | 2:45 |
10. | «Ride In Peace - Dedicated to Tim and Tommy Caldwell and To All Lost Loved Ones» | 3:58 |
Medverkande
endre- Toy Caldwell - gitar, steelgitar, vokal, korvokal
- Jerry Eubanks - fløyte, klaverinstrument, saksofon, korvokal
- Doug Gray - gitar, solovokal
- George McCorkle - gitar
- Paul Riddle - trommer, perkusjon, korvokal
- Franklin Wilkie - bassgitar, blåseinstrument, korvokal
- Gjestemusikarar
- Norton Buffalo - munnspel
- Charlie Daniels - fele
- Teknisk
- Tom Dowd - produsent
- Ron Rainey - leiande produsent
- Kevin Herron - lydteknikar
- Joseph Foglia - assisterande lydteknikar
- Gary Laney - assisterande lydteknikar
- Philip Rose - plateomslag
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dedicated av The Marshall Tucker Band» frå Wikipedia på engelsk, den 29. desember 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 http://www.allmusic.com/album/running-like-the-wind-mw0000254528 Dedicated på Allmusic. Vitja 29. desember 2020]
- ↑ Dedicated Arkivert 2016-06-10 ved Wayback Machine. Henta 29. desember 2020.