Toy Caldwell

Toy Talmadge Caldwell jr. (13. november 194725. februar 1993) var ein USA-amerikansk sologitarist og låtskrivar, mest kjend som medlem og viktigaste låtskrivar i gruppa The Marshall Tucker Band.[1] Caldwell var opphavleg medlem i bandet og vart verande med gruppa fram til 1983. I tillegg til rolla som sologitarist, spelte han òg steelgitar i gruppa og song solovokal på ein av dei mest kjende songane deira, «Can't You See

Toy Caldwell
Toy Caldwell.jpg
Toy Caldwell på scenen i 1974.
Fødd13. november 1947(1947-11-13)
FødestadSpartanburg i Sør-Carolina i USA
Død25. februar 1993 (45 år)
DødsstadMoore i Sør-Carolina i USA
FødenamnToy Talmadge Caldwell Jr.
OpphavUSA
Aktiv1972–1993
SjangerSouthern rock, countryrock, rock
InstrumentGitar, vokal, pedalsteelgitar
Tilknytte artistarThe Marshall Tucker Band
Toy Caldwell Band
Verka somMusikar, låtskrivar

Caldwell deltok i Vietnamkrigen i september 1968, men vart skadd og sendt heim. Då han var ferdig i militærtenesta skipa han og fleire vener Toy Factory, som seinare skifta namn til The Marshall Tucker Band. Seinare skipa han Toy Caldwell Band og gav ut eit sjølvoppkalla album i 1992.

Caldwell døydde i sengja si den 25. februar 1993 i Moore i Sør-Carolina.[1] Dødsårsaka vart oppgjeve til å vere hjartesvikt[2][3][4] men han hadde òg spor av kokain i kroppen då han døydde.[5]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Toy Caldwell Jr., 45, a Founder of the Marshall Tucker Band New York Times. 26. februar 1993. s. A17.
  2. [1]
  3. Country Music: The Encyclopedia By Irwin Stambler, Grelun Landon. p. 285
  4. 20died&f=false The tombstone tourist: musicians By Scott Stanton. p 164.
  5. «Cocaine blamed in death of Caldwell». GoUpstate (på engelsk). Henta 29. desember 2020. 

BakgrunnsstoffEndra