Dei kilikiske portane

Dei kilikiske portane eller Gülekpasset er ein fjellovergang gjennom Taurusfjella mellom dei låge slettene i Kilikia og Anatolia-platået, via ei smal kløft som Gökolukelva renn gjennom. Det høgaste punktet er kring 1000 meter over havet.[1]

Dei kilikiske portane
Gülek Boğazı
fjellovergang
Gülekpasset i Tyrkia
Land  Tyrkia
Provins provinsen Mersin
Fjellkjede Taurusfjella
Høgd 1 050 moh.
Koordinatar 37°19′40″N 34°47′40″E / 37.32778°N 34.79444°E / 37.32778; 34.79444
Gjennomfartsåre O21, E90
Kart
Dei kilikiske portane
37°17′07″N 34°47′10″E / 37.285277777778°N 34.786111111111°E / 37.285277777778; 34.786111111111
Kart som viser Dei kilikiske portane.
Kart som viser Dei kilikiske portane.
Kart som viser Dei kilikiske portane.
Wikimedia Commons: Cilician Gates

Dei kilikiske portane har vore viktige transportvegar for handel og militæret i tusenvis av år.[2] Tidleg på 1900-talet vart det bygd ein smalsporsjernbane gjennom passet og i dag går Tarsus-Ankara-egen (E90, O-21) gjennom dei.

Sørenden av Dei kilikiske portane er om lag 44 km nord for Tarsus og nordenden fører til Kappadokia.

Historie

endre

Yumuktepe (dagens Mersin), som vaktar Adanasida av passet, er frå 4500 fvt. og er ein av dei eldste festningsbusetnadane i verda. I antikken drog både hittittane, grekarane, Aleksander den store, romarane, mongolane og krossfararane over passet under felttoga sine. Bibelen skriv at heilage Paulus av Tarsus og Silas reiste denne vegen gjennom Syria og Kilikia.

Då tyske ingeniørar arbeidde på jernbanelinja mellom Haydarpaşaterminalen i Istanbul, ved breidda av Marmarahavet, og Bagdad, klarte dei ikkje å følgje den gamle vegen over passet. I staden måtte dei byggje ei rekkje viaduktar og tunnelar, noko som vert rekna som ein av dei store underverka i jernbanebygging. Ruta opna i 1918 og linja transporterte osmanske tropper og krigsmateriell til fronten i Mesopotamia i dei siste månadane av første verdskrigen.

Kjelder

endre
  1. W.L. Williams, Armenia, p. 8-11, quoted in Josephus Nelson Larned, The new Larned History for ready reference, reading and research s.v. "Armenia" full text
  2. William Mitchell Ramsay, The historical geography of Asia Minor, 1890, passim full text

Bakgrunnsstoff

endre