Dei mørke hundreåra i Hellas

Dei mørke hundreåra i Hellas (ca. 1100 f.Kr.–750 f.Kr.) viser til perioden i gresk historie frå den antekne doriske invasjonen og slutten av den mykenske sivilisasjonen i det 11. hundreår f.Kr. til den fyrste bløminga til dei antikke bystatane i det 9. hundreåret f.Kr. og eposa til Homer og dei tidlegaste skriftlege notata med alfabetisk gresk i det 8. hundreåret f.Kr.

Kart over kollpasen i sein bronsealder (kring 1200 f.Kr.) aust i Middelhavet.
Geometrisk boks forma som ein låve. Frå ei tidleg geometrisk kremasjonsgravlegging av ei rik svanger kvinne kring 850 f.Kr.

Sivilisasjonskollaps

endre

Ein har lite informasjon om perioden mellom om lag 1200 og 800 f.Kr. i gresk historie. Arkeologien viser ein kollaps i sivilisasjonane i det austlege Middelhavet. Den hetittiske sivilisasjonen gjekk òg under, og fleire byar frå Troja til Gaza blei øydelagde. Dei store mykenske palassa forfall, og skrivekunsten døydde ut. Gresk blei ikkje lenger skrive ned. Utgravingar viser at pottar og kar frå dei mørke hundreåra var enkle og praktiske, i motsetnad til dei mykenske pottefunna, som var rikt dekorerte. Dei same utgravingane viser at grekarane budde i mykje mindre busetnader i denne perioden, og ein finn sjeldan varer frå andre kulturar i desse busetnadane. Dette tyder på at handel og kontakt med sivilisasjonane rundt dei hadde stoppa. Det er òg teikn på hungersnaud og avfolking. I tillegg blir ikkje lenger mykenarane nemnde i det skriftlege materialet ein har frå andre sivilisasjonar.

Ein teori går ut på at den mykenske sivilisasjonen blei undergraven av ein økologisk katastrofe. Samfunnet med festningane på toppen av høgda, jakta i skogane og som var basert på hestehald, slik det er gjengitt hos Homer og Hesiod, blei erstatta av ein handelskultur som var nært knytt til sjøen. Dette kan ha vore forårsaka av nedhogginga av skogane gjennom auka menneskeleg utnytting, og som igjen førte til at den tidlegare økonomiske strukturen ikkje lenger var berekraftig. Platon refererer til dette i ein teori om at geiter som beitar på vegetasjonen på høgdene forårsaker erosjon og jordtap. Det er derfor mogleg at dei mørke hundreåra ikkje primært kom av ein dorisk invasjon, men av miljøskadar.

Samfunnet blir endra

endre

Dei fleste greske områda blei styrt av kongar i dei mørke hundreåra. Desse kongane blei etter kvart erstatta av eit aristokratisk styre. Samtidig blei det tradisjonelle indoeuropeiske kavaleriet erstatta av infanteri, og jern blei teke i bruk i stor skala då jern var meir tilgjengeleg og billigare i bruk enn bronsen. Infanteriet førte til at det ikkje berre var hesteeigande aristokratar som deltok i krigføringa. Det kan ha vore gjennom ei slik utjamning i samfunnet som førte til at kongedømma blei avskaffa.

Fleire ætter byrja å rekonstruera fortida i eit forsøk på å finna blodlinjer tilbake til heltane frå trojakrigen, særleg til helten Herakles. Det meste av dette heldt fram med å vere legender, men tydinga av dei kan ein sjå gjennom verka til krinsen rundt Hesiod. Dei fleste av desse dikta er gått tapt, men nokre kjende såkalla «forteljingsskrivarar» var Hekataios frå Milet og Akousilaos frå Argos.

Det er grunn til å tru at eposa til Homer inneheld ei viss grad av tradisjon som var blitt vidareført munnleg gjennom dei mørke hundreåra. Kva som er faktisk historie i forfattarskapen til Homer er derimot omdiskutert.

I slutten av denne stagnasjonsperioden opplevde gresk sivilisasjon ein renessanse som gjorde at den greske innverknaden spreidde seg over heile middelhavsområdet, så langt som til Svartehavet og Spania.

Eit nytt skriftsystem

endre

Bruken av staveingssystemet til minoarane, den såkalla linear-skrifta, forfall til fordel for eit nytt alfabetsystem som var henta frå dei semittiske fønikarane for ikkje berre å skriva med det greske språket, men òg andre språk i det austlege Middelhavet på den tida. Før denne turbulente tida skreiv mykenarane gresk med linear B, men etter dei mørke åra, då ein byrja skriva historie igjen, blei dette nye alfabetet, det meir kjende alfa-beta-gamma brukt. Etruskarane drog også nytte av denne oppfinninga, og gammelitaliske variantar spreidde seg gjennom Italia. Andre variantar av alfabetet dukkar opp på Lemnos-stelen og i ulike alfabet i Vesle-Asia. Dei tidlegare Linear-skriftane var likevel ikkje blutt fullstendig oppgjeve. Kypriotisk skrift, ein etterkommar av Linear A, blei verande i bruk på Kypros og nytta til greske og etiokypriotiske inskripsjonar fram til hellenismen.

Krigføring i Middelhavet og sjøfolka

endre

Det var rundt denne tida at det fann stad opprør i stor skala. Det blei gjort forsøk på å kasta eksisterande kongedømme av omkringliggjande folkeslag som allereie var plaga av hungersnaud og tunge tider, men som mest sannsynleg var eit resultat av økonomisk og politisk uro som skjedde i heile middelhavsområdet. Kongedømmet til hettittane hadde falle etter å ha blitt invadert av dei såkalla havfolka, ei gruppe som stamma frå områda rundt Middelhavet som Svartehavet, Egearhavet og dei anatoliske regionane. Ei liknande samling av folkeslag kan ha prøvd å ta over Egypt to gonger, ein gong under styret til Mernepta rundt 1224 f.Kr. og igjen under styret til Ramses III rundt 1186 f.Kr. Det blei reist krigsmonument for kvar konflikt, inskripsjonane og utskjeringane ved Karnak og Luxor frå dei 13. og 12 hundreåra er dei einaste kjeldene for sjøfolka.

I begge forsøka lykkast det egyptiske forsvaret å unngå den same lagnaden som hettittane. Den munnlege tradisjonen til grekarane gjorde at mykje av historia og arven blei ført vidare frå ein generasjon til den neste.

Kjelder

endre

Litteratur

endre
  • Latacz, J. Between Troy and Homer. The so-called Dark Ages in Greece, i: Storia, Poesia e Pensiero nel Mondo antico. Studi in Onore di M. Gigante, Rome, 1994.
  • Jan Sammer, New Light on the Dark Age of Greece [1] (Immanuel Velikovsky Archive)
  • Snodgrass, Anthony M. (c2000). The dark age of Greece : an archaeological survey of the eleventh to the eighth centuries BC. New York: Routledge. ISBN 0-415-93635-7 (hb) ISBN 0-415-93636-5 (pb).
  • Sandars, N.K. (c1978). The Sea Peoples: Warriors of the ancient Mediterranean 1250-1150 BC. London: Thames and Hudson. ISBN 0-500-02085-X.