Dei store atten koralpreludia

Dei store atten koralpreludia, BWV 651–668, er ei samling koralpreludium for orgel av Johann Sebastian Bach i Leipzig det siste tiåret han levde, 1740-1750, frå tidlegare verk han komponerte i Weimar, der han var hofforganist. Verka dannar ei omfattande samling av storskala koralpreludium i forskjellige stilar som går tilbake til det førre hundreåret, som Bach gradvis utvikla gjennom karrieren sin. I lag med Orgelbüchlein, Schübler-koralane og den tredje boka i Clavier-Übung, representerer dei høgdepunktet i Bachs kyrkjemusikk for soloorgel.[1]

Johann Sebastian Bach, 1746

Historie endre

Tidlege utgåver av nesten alle koralpreludia meiner ein går tilbake til 1710–1714, då Bach var hofforganist og konsertmeister i Weimar, i hoffet til Wilhelm Ernst av Sachsen-Weimar.[2] Hertugen var ein musikkelskar og inderleg luthersk, og Bach komponerte både verdslege og liturgiske orgelverk i det som var den mest produktive perioden hans for orgelverk.

Då Bach seinare starta i andre stillingar i Köthen i 1717 og som kantor i Tomaskyrkja i Leipzig i 1723, var han ikkje nøydd til å komponere for orgel lenger. Det signerte manuskriptet av Dei store atten, som i dag vert bevart i Nasjonalbiblioteket i Berlin, dokumenterer at Bach starta å førebu denne samlinga rundt 1740, etter å ha gjort ferdig del 3 i Clavier-Übung i 1739. Manuskriptet består av tre delar: seks triosonater for orgel BWV 525–530 (1727-1732); kanoniske variasjonar av «Vom Himmel hoch da komm' ich her» BWV 769, lagt til samstundes med koralpreludia (1739-1750); og ei tidleg utgåve av Nun komm' der heiden Heiland (1714-1717), lag til etter Bach døydde.[3]

Dei første tretten koralpreludia BWV 651–663 vart lagt til av Bach sjølv mellom 1739 og 1742, og seinare supplert med BWV 664 og 665 i 1746–7. I 1750, då Bach hadde byrja å verte blind før han døydde i juli, vart BWV 666 og 667 diktert til ein av studentane sine og svigersonen Johann Christoph Altnikol, og så lagt til i manuskriptet etter han døydde. Berre den første sida av det siste koralpreludiet, BWV 668, den såkalla «dødsleiekoralen», har overlevd, nedskrive av ein ukjend noteskrivar.[4] Stykket vart gjeve ut posthumt i 1751 som eit vedlegg til Der Kunst der Fuge, med tittelen Wenn wir in höchsten Nöthen sein (BWV 668a), i staden for originaltittelen Vor deinen Thron tret ich hiermit.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Great Eighteen Chorale Preludes» frå Wikipedia på engelsk, den 25. april 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Bach, Johann Sebastian (1999), Die Achtzehn Grossen Orgelchoräle BWV 651-668 und Canonische Veränderungen über «Vom Himmel Hoch” BWV 769. Faksimile der Originalhandschrift mit einem Vorwart herausgegeben von Peter Wollny. [Staatsbibliothek, Berlin, Bach P. 271], Laaber . Facsimile of original manuscript P 271 in the Berlin State Library
    • Bach, Johann Sebastian (1970), Orgel Music. The Bach-Gesellschaft edition, Dover, ISBN 0-486-22359-0 
    • Stinson, Russell (2001), J.S. Bach's Great Eighteen Orgel Korals, Oxford University Press, ISBN 0-19-516556-X 
    • Williams, Peter (1980), The Orgel Music of J.S. Bach, Volume II: BWV 599-771, etc., Cambridge Studies in Music, Cambridge University Press, ISBN 0-521-31700-2 
    • Williams, Peter (2007), J.S. Bach: A Life in Music, Cambridge University Press, ISBN 0-521-87074-7 
    • Wolff, Christoph (1993), The Deathbed Koral: Exposing a Myth, Bach. Essays on his Life og Music, Harvard University Press 
    • Wolff, Christoph (2000), Johann Sebastian Bach. The Learned Musician, Oxford University Press 
    • Yearsley, David (2002), Bach og the Meanings of Counterpoint, Cambridge University Press, ISBN 0-521-80346-2 

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre