Kanoniske variasjonar av «Vom Himmel hoch da komm' ich her»
Kanoniske variasjonar av «Vom Himmel hoch da komm' ich her», BWV 769, er fem variasjonar i kanon for orgel med to manualar og pedalar av Johann Sebastian Bach av julesalmen til Martin Luther med same namn. Variasjonane vart førebudd som ei prøvespeling då Bach skulle inn som det 14. medlemmet av Mizler musikkforbund i Leipzig i 1747. Den originale trykte utgåva frå 1747, vart publisert av Balthasar Schmid i Nürnberg. Ei anna utgåve, BWV 769a, kom ut i seinare signerte manuskript, som òg inneheld seks triosonater for orgel BWV 525-530 og Dei store atten koralpreludia BWV 651–668. I denne seinare utgåva endra Bach rekkefølgja på variasjonane, og flytta den femte variasjonen i midten.
BWV 769 Variasjon av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Orgel | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | Juni 1747 | ||
Publiseringsdato | 1748 | ||
Typisk lengd | 12:18 | ||
Satsar/akter | 5 | ||
Instrumentering | orgel |
Den enkle melodien «Vom Himmel hoch» er ein adventssong frå den lutherske kyrkja. Han representer Gud som trår ned til jorda, og melodien fell i enkle steg ned skalaen. Bach syner først melodien i den opphavlege forma og lagar ein elegant kanon. Så set han i gang med fleire minuttar med variasjonar kring temaet, kvar gong i kanon-form, derfor tittelen «kanoniske variasjonar». Den enkle melodien gjer at dei kompliserte kontrapunkta til Bach skin uvanleg godt gjennom.[1] Verket vert rekna som genialt, sjølv for Bach å vere, og er datert til dei siste leveåra hans.[1]
Kjelder
endre- Delar av denne artikkelen bygger på «Canonic Variations on "Vom Himmel hoch da komm' ich her"» frå Wikipedia på engelsk, den 25. april 2010.
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 Joseph Stevenson. «Vom himmel hoch, da komm ich her (I), canonic variations on the Christmas hymn for organ, BWV 769». Allmusic. Henta 25. april 2010.