Demetrio Albertini

italiensk fotballspelar

Demetrio Albertini (fødd 23. august 1971) er ein italiensk tidlegare fotballspelar og seinare idrettsleiar frå Besana i Provinsen Monza og Brianza. Han er kjend frå si tid i AC Milan der han vann fem seriegull ogi 1995 ein meisterligatittel. Han spela 79 landskampar for Italia, derimellom i fotball-VM i 1994 og 1998, samt fotball-EM i 1996 og 2000. Albertini var midtbanespelar og kjend for sitt blikk for spelet og ein sikker pasningsfot.

Demetrio Albertini
Personleg informasjon
Fødselsdato 23. august 1971 (52 år)
Fødestad Besana i Italia
Høgd 180 cm
Posisjon Midtbanespelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1988-2002 Milan 293 (21)
1990-1991Padova (lån) 28 (5)
2002-2003 Atlético Madrid 28 (2)
2003-2004 Lazio 23 (2)
2004-2005 Atalanta 14 (1)
2005 Barcelona 5 (0)
Totalt 393 (31)
Landslag
1991-2002 Italia 79 (2)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Klubbspel endre

Albertini debuterte for AC Milan som 17-åring i 1989. I 1989/90-sesongen var han utlånt til Padova, men i den påfølgjande sesongen etablerte han seg i Milan-laget. Han hadde fast plass i fyrsteellevaren dei neste elleve sesongane, og vann fem sereimeisterskap; 1992, 1993, 1994. 1996 og 1999. Åra 1993 til -95 var han med på å spele Milan fram til tre meisterligafinalar på rad, i 1995 vart det siger for klubben. Han spela omtrent 300 seriekamper og 41 europacupkampar for klubben.

Albertini forlet Milan i 2002 og spelte sidan for klubbar som Atletico Madrid, Lazio, Atalanta BC frå Bergamo og Barcelona, men aldri meir enn ein sesong i kvar klubb.

Landslagsspel endre

Albertini debuterte for Italia mot Kypros i 1991 og deltok på OL-laget i 1992. I 1994 var han etablert på landslaget og spela alle kampane då Italia tok seg til VM-finalen, der det vart tap for Brasil etter ein tam finale og straffeskyting. Også i 1998 spelte han for Italia som rauk ut ut i kvartfinalen mot den seinare verdsmeisteren Frankrike, enno ein gong etter straffeskyting. Italia og Alberti tok seg heilt til finalen i fotball-EM 2000, der det etter ekstraomgangar vart tap for Frankrike. Han aksla den italienske landslagstrøya for siste gong i 2002. Totalt spela Albertini 79 landskampar og skåra tre mål.

Idrettsleiar endre

Albertini vart i 2006 vald til visepresident i det italienske fotballforbundet.

Merittar endre

  • VM-sølv 1994 for Italia
  • EM-sølv 2000 for Italia
  • Vinnar av Meisterligaen 1994 med AC Milan
  • Italiensk seriemeister 1992, 1993, 1994, 1996 og 1999 med AC Milan
  • Italiensk cupmeister 2004 med SS Lazio

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre