Demi Moore

amerikansk skodespelar

Demi Moore (fødd 11. november 1962) er ein USA-amerikansk skodespelar, fotomodell og filmprodusent.

Demi Moore

Statsborgarskap USA
Fødd 11. november 1962 (61 år)
Roswell
Yrke filmprodusent, fjernsynsskodespelar, filmskodespelar, skodespelar, modell, stemmeskodespelar, teaterskodespelar, filmregissør
Språk engelsk
Politisk parti Det demokratiske partiet i USA
Far Charles Harmon
Mor Virginia King
Ektefelle Freddy Moore, Bruce Willis, Ashton Kutcher
Partnar Timothy Hutton, Emilio Estévez
Demi Moore på Commons
Demi Moore og ektemannen Ashton Kutcher.

Moore blei fødd som Demi Gene Guynes i Roswell i New Mexico. Familien hennar levde eit omflakkande liv, prega av alkoholmisbruk og vald. Moore hadde også helseplager, som skjegling og nyreproblem. I tillegg er ho fødd med heterokromi, det vil seia at kvart auge har ulik farge.

Demi Moore slutta skulegangen som 16-åring. Ho debuterte som skodespelar i 1982, i science fiction/horrorfilmen Parasite i 3-D, som gjorde det godt på drive-in-kinoar. Etter fleire mindre roller slo Moore gjennom med St. Elmo's Fire (1985) og Ghost (1990). Tidleg på 1990-talet blei ho ei av dei høgast betalte kvinnelege skodespelarane i Hollywood etter suksessar i A Few Good Men (1992), Indecent Proposal (1993) og Disclosure (1994). Filmar seinare i tiåret hadde mindre suksess, men ho kom tilbake i rampelyset gjennom Charlie's Angels: Full Throttle (2003).

Moore var gift med rockemusikaren Freddy Moore, som ho tok etternamnet sitt frå, frå 1980 til 1985. Frå 1987 til 2000 var ho gift med skodespelaren Bruce Willis, som ho har tre barn saman med. Den 24. september 2005 gifta ho seg med skodespelaren Ashton Kutcher.

Spire Denne filmartikkelen som har med USA å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.