Den angolanske borgarkrigen

Den angolanske borgarkrigen var ein blodig borgarkrig i det sørleg-afrikanske landet Angola frå 1975 til 2002. I konflikten var regjeringa til MPLA på den eine sida og på den andre sida var opprørsgrupper, hovudsakleg UNITA og FNLA.

Den angolanske borgarkrigen
Del av Den kalde krigen
Konfliktane i Afrika
Den sørafrikanske grensekrigen

Dato 11. november 197522. februar 2002
Stad  Angola
Resultat Siger til MPLA
  • Jonas Savimbi drepen
  • Oppløysning av dei væpna styrkane til FNLA og UNITA
  • Utvikling mot fleirpartivalg
Partar
MPLA

Flagget til Angola Det angolanske forsvaret
 Cuba (1975-1990)
 Sovjetunionen (1981-1989)
Støtta av:
 Aust-Tyskland
 Brasil
 Mexico

UNITA

FNLA
Cabinda Front for frigjering av Cabinda
 Sør-Afrika (1975-1989, under apartheid)
Støtta av:
 USA
 Kina
 Zaire (1975-1997)

Kommandantar
MPLAFlagget til Angola Agostinho Neto

MPLAFlagget til Angola José Eduardo dos Santos
Flagget til Angola Iko Carreira
Flagget til Angola Demosthenes Amos Chilingutila
Flagget til Angola Alberto Joaquim Vinama
Flagget til Angola Pedro de Morais Neto
Flagget til Cuba Arnaldo Ochoa
Flagget til Cuba Leopoldo Cintra
Det sovjetiske flagget Konstantin Schaganovitsj

UNITA Jonas Savimbi  

FNLA Holden Roberto
Cabinda Henrique N'zita
Flagget til Sør-Afrika Magnus Malan
Flagget til Sør-Afrika Constand Viljoen
Flagget til Sør-Afrika Johannes Geldenhuys
Flagget til Zaire Mobutu Sese Soko

Styrkar
Flagget til Angola Forsvaret:
  • 27 000 (1975)[1]
  • 40 000[2] - 70,000[3]
  • 100 000 (1989-1991)[2]
  • 30 000-50 000 (1992)
  • 90 000-100 000 (2002)[4]

MPLA Paramilitære:

  • 15 000 (2001)

 Cuba:

  • 2 000-10 000 (1975)
  • 28 000 (1978)
  • 40 000 (1987)
  • 55 000 (1987-1988)
  • 50 000 (1989)

 Sovjetunionen:

  • 1 200 (1985)[5]
UNITA:
  • 2 000 - 3,000 (1975)
  • 15 000 (1979)[6]
  • 35 000-65 000 (1987)
  • 50 000 (1989)
  • 30 000-50 000 (1992)
  • 25 000-30 000 (1997)
  • 10 000-20 000 (2002)

FNLA:

  • 22 000 (1975)
  • 4 000-7 000 (1976)

Cabinda:

  • 3 000 (1975)
  • 7 000 (1984)
  • 2 000 (2002)
Tap
MPLAFlagget til Angola Ukjent

Flagget til Cuba 2,077[7]
Det sovjetiske flagget 54[8]

Militante: Fleire tusen

Flagget til Sør-Afrika 2 300
Flagget til Zaire 600+

Omkring 500 000 personar døyde i krigen.

I 1974 førte eit militærkupp i Portugal, kjend som Nellikrevolusjonen, til at diktaturet vart fjerna og erstatta med demokrati. Angola, som portugisisk koloni, fekk sjølvstende i 1975 som følgje av militærkuppet. Då slutta Den angolanske frigjeringskrigen òg, med angolansk siger.

MPLA-regjeringa vart støtta av militær deltaking frå Cuba og Sovjetunionen og vart òg støtta militært av fleire land. Opprørarane fekk militær støtte frå USA og nokre andre land. Sør-Afrika under apartheid-regimet og Zaire (som no er Den demokratiske republikken Kongo) under det totalitære regimet til Mobutu Sese Seko var direkte innblanda i konflikten.

Sovjetunionen trekte seg ut frå Angola i 1989, og Cuba i 1991, og MPLA måtte vere i stand til sjølvforsvar.

Konflikten varte til saman i nærmare 30 år, men det var og rolegare periodar, av og til på grensa til fred. I 1992 vart det signert ein fredsavtale mellom MPLA-regjeringa og opprørarane, men opprørarane starta etter kvart opp å kjempe mot regjeringa.

Det som markerte slutten på borgarkrigen, var at opprørsleiaren Jonas Savimbi frå UNITA vart drepen i februar 2002. Restane av UNITA signerte ein fredsavtale med MPLA, og det vart fred. UNITA og FNLA fekk status som politiske parti som del av eit fleirpartisystem.

Referansar

endre