José Eduardo dos Santos

José Eduardo dos Santos[a] (28. august 19428. juli 2022)[1] var ein angolansk frigjeringsleiar og politikar som var president i landet frå 1979 til 2017. Som president var José Eduardo dos Santos også leiar for den angolanske hæren (FAA) og partileiar for MPLA.

José Eduardo dos Santos

Fødd28. august 1942
Luanda
Død8. juli 2022 (79 år)
Statsborgar avAngola
Yrkepolitikar, ingeniør
Utdanna vedDet statlige aserbajdsjanske oljeakademi
EktefelleAna Paula dos Santos
BarnIsabel dos Santos, José Filomeno dos Santos, Coréon Dú, Welwitschia dos Santos
Alle verv
  • Angolas president (1979–2017)
  • Minister of External Relations (1975–1977)
  • Member of the National Assembly of Angola Sjå dette på Wikidata

Då dos Santos gjekk av i 2017 var han ein av verdas lengstsitjande presidentar, og hadde sete som president samanhengande sidan 1979. Han overlét då makta til sin partifelle João Lourenço. Dos Santos heldt fram som president i det statsberande partiet MPLA fram til september 2018. På folkemunne var han ofte kjend under tilnamnet Zedu. Han døydde i 2022 i Barcelona, der han hadde oppheldt seg sine siste år utan å kunna venda attende til Angola.[2]

Bakgrunn

endre

Offisiell historie seier at José Eduardo dos Santos vart født i bydelen Sambizanga i Luanda, hovudstaden i den dåverande portugisiske oversjøiske provinsen Angola. Foreldra var frå eit anna portugisisk territorium, øyriket São Tomé og Príncipe. Hans eigenlege fødestad kan au ha vore i dette landet.[2]

Allereie i skuletida vart dos Santos politisk aktiv, og då frigjeringsrørsla MPLA gjekk til krig mot det portugisiske styret i 1961, flykta han til nabolandet Republikken Kongo, der han vart medlem av MPLA og sidan sendt til Sovjetsamveldet for vidare utdanning. I 1969 vart han uteksaminert som oljeingeniør frå Universitetet i Baku, og fekk fleire verv i MPLA, blant anna som utsending til Kina, Jugoslavia og dåverande Zaïre, før Angola vart sjølvstendig i 1975.[2]

José Eduardo dos Santos var gift tre gongar, og var sidan 1991 gift med den tidlegare flyvertinna Ana Paula dos Santos. Han hadde minst åtte born, og dei mest profilerte er dottera Isabel dos Santos, sonen José Filomeno og dottera Tchizé.[2]

Politisk karriere

endre

I det sjølvstendige Angola vart dos Santos fyrst utanriksminister, dinest visepresident under Agostinho Neto. Då presidenten døydde i september 1979, tok dos Santos over embetet. Dei neste ti åra var dos Santos og regime hans oppteke med å kjempa mot opprørarane i UNITA.[2]

Ved det fyrste demokratiske valet i Angola i 1992 vant MPLA og dos Santos over UNITAs Jonas Savimbi, som nekta å godkjenna resultatet, og ein ny krig braut ut. Krigen ende fyrst då Savimbi vart drepen i 2002.[2]

I 2008 vart det heldt eit parlamentsval for fyrste gong, og MPLA vart det klart største partiet i nasjonalforsamlinga, med meir enn 2/3 fleirtal. Dimed kunne den MPLA-dominerte nasjonalforsamlinga vedtaka den nye grunnloven i 2010. Denne gav presidenten omfattande fullmakter, med få innskrenkingar frå andre greiner av staten. Den nye grunnloven tilsa at listetoppen for partiet som mottek flest røyster ved val au automatisk vert president, noko som sikra dos Santos eit nytt femårig mandat ved valet i 2012. Grunnloven kravde at lokalval skulle haldast, men dos Santos risikerte aldri å tillata lokalval som kunne truga hans svært sentraliserte maktapparat.[2]

I februar 2017 erklærte dos Santos at han ikkje hadde planar om å stilla til attval i august same år, truleg av di veikjande helse. Han peikte ut forsvarsminister og MPLA-nestleiar João Lourenço som etterfylgjar. Lourenço tok over makta få veker etter valet på regulært vis. Likevel vart det snøgt klart at maktskiftet skulle føra til ein tydeleg maktkamp mellom den nye og den gamle presidenten. Debatten handla om det var gjennomførbart å ha to sterke menn i leiinga av angolansk politikk: Den nye presidenten som statsoverhovudet, og den gamle som president for det statsberande partiet MPLA. Eitt år seinare, i september 2018, vart Lourenço au valt som president i MPLA, og med det var José Eduardo dos Santos' tid ved makta definitivt over.[2]

Medan dos Santos sat ved makta var det i stor grad basert på hans evne til å leia partiet og dei militære styrkane, og ein personleg kontroll over dei store oljeressursane i landet. Offentleg hadde han ein svært tilbaketrekt stil, gav aldri intervju og heldt sjeldan talar. Som president fór han lite både i Angola og utanlands.[2]

Regionalt engasjement

endre

Jose Eduardo dos Santos fekk anerkjenning for å ha leia oppbygginga av oljeindustri i Angola. Han var au aktiv i regionen, blant anna i kampen mot apartheidstyret i Sør-Afrika og i oppbygginga av den regionale samarbeidsorganisasjonen SADC. Seinare tok han ei aktiv rolle i Den demokratiske republikken Kongo, i innsetjinga av Laurent Kabila, og seinare sonen hans Joseph Kabila. Dos Santos fór likevel relativt lite i regionen, og som president føretrakk han alltid å taka i mot statsbesøk i hovudstaden, Luanda.[2]

Klander

endre

Kritikarar meiner han brukte dei store oljeinntektene og gjenoppbygginga av landet til å gjera seg sjølv og hans nærmaste rikare.[3] Angola har store oljerikdomar, men mykje forsvann i korrupsjon. Kritikarane meiner au at dos Santos var ansvarleg for utbreiinga av ein omfattande korrupsjonskultur. I periodar dyrka MPLA-regimet ein sterk personkult rundt president dos Santos, og han vart stadig meir eigenrådug i styresettet sitt.[2]

Klander om nepotisme vart sterkare etter kvart som dos Santos sine born fekk meir framskutte roller i Angola. Dottera Isabel dos Santos vart i 2016 utnemnd av faren til å leia det mektigaste og nasjonale oljeselskapet Sonangol, men ho vart avsett i 2017 straks etter at Lourenço tok over som president. Dos Santos sin son, José Filomeno, vart sett til å styra det angolanske (olje-)fondet, men også han vart avsett av Lourenço. Dottera Tchizé var medlem av sentralkomitéen i MPLA, men vart omsider pressa ut.[2]

Dei siste åra og dødsleiet

endre

José Eduardo dos Santos forlét Angola i 2018 etter å ha gjeve opp forsøket på å halda på makta i partiet. Dei to døtrene hans, nemnde ovan, fór utanlands, og sonen José Filomeno sona ein periode i fengsel, dømd for korrupsjon. Med veikjande helse oppheldt dos Santos dei siste åra av livet sitt i Barcelona, utan eigenleg å kunna returnera til Angola.[2]

Dødsfallet hans i juli 2022 vart omgjeve av store kontroversar. Offisiell informasjon tyda på at han vart lagd i kunstig koma etter eit fall. Borna hans klandra etterfylgjarane ved makta i Luanda for, i allianse med kona hans Ana Paula dos Santos, å ha bidrege til å framskunda døden til dos Santos på kriminelt vis.[2]

Merknadar

endre
  1. Uttalt ʒuˈzɛ eˈðwaɾðu dus ˈsɐ̃tuʃ

Kjelder

endre
  1. W. Martin James and Susan Herlin Broadhead, Historical Dictionary of Angola (2004), Scarecrow Press, s. 145.
  2. 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 2,10 2,11 2,12 2,13 Sæbø, Maren; Orre, Aslak: José Eduardo dos Santos i Store norske leksikon på snl.no. Henta 24. mars 2024.
  3. «José dos Santos» (på engelsk). Encyclopedia Britannica. Henta 24. mars 2024. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: José Eduardo dos Santos