Den arabiske republikken Jemen (YAR; arabisk الجمهورية العربية اليمنية al-Jumhūrīyah al-‘Arabīyah al-Yamanīyah), òg kjend som Nord-Jemen eller Jemen (Sana), var eit land frå 1962 til 1990 i den nordvestlege delen av det som i dag er Jemen. Hovudstaden var Sana. Landet vart samla med Den demokratiske folkerepublikken Jemen, ofte kalla Sør-Jemen, den 22. mai 1990, og danna den noverande Republikken Jemen.

الجمهورية العربية اليمنية
al-Jumhūrīyah al-‘Arabīyah al-Yamanīyah
Den arabiske republikken Jemen

1962–1990
Flagg Våpen
Flagg Våpen
Nasjonalsong
Peace To The Land (før 1978)
A Nation's Will (etter 1978)
Plasseringa til Nord-Jemen
Plasseringa til Nord-Jemen
Hovudstad Sana'a
Språk Arabisk
Styreform Republikk
President
 - 1962–1967 (første) Abdullah as-Sallal
 - 1978–1990 (siste) Ali Abdullah Saleh
Statsminister
 - 1962–1963 (første) Abdullah as-Sallal
 - 1983–1990 (siste) Abdul Aziz Abdul Ghani
Historisk periode Den kalde krigen
 - Oppretta 27. september 1962
 - Samling 22. mai 1990
Valuta Nordjemenittisk rial
I dag ein del av  Jemen

Historie endre

Etter Det osmanske riket kollapsa vart det nordlege Jemen ein sjølvstendig stat som Kongedømet Jemen. Den 27. september 1962 avsette revolusjonære inspirerte av den arabiske nasjonalismen til Den sameinte arabiske republikken (Egypt) den nyleg krona Muhammad al-Badr, og president Gamal Abdel Nasser tok kontroll over Sana'a, og grunnla den arabiske republikken Jemen. Statskuppet markerte byrjinga på den nordjemenittiske borgarkrigen der YAR-soldatar fekk støtte av Egypt, medan Saudi-Arabia og Jordan støtta Badr sine rojaliststyrkar. Konflikten held fram i periodar fram til 1967, då dei egyptiske troppane vart trekte attende.

I motsetnad til Aust- og Vest-Tyskland eller Nord- og Sør-Korea, hadde YAR og det sørlege nabolandet, Den demokratiske folkerepublikken Jemen, òg kjend som Sør-Jemen, relativt godt forhold, sjølv om det ofte var spent. I 1972 vart det erklært at landa ein gong skulle slåast saman, men planane vart sett på vent i 1979 og ein krig vart berre hindra av Den arabiske ligaen blanda seg inn.

I mai 1988 var landa på ny klare til å gjennomføre ei samanslåing, og dette skjedde 22. mai 1990.

Kjelder endre