Den arabiske ligaen

Den arabiske ligaen er ein politisk organisasjon med 22 medlemsland frå den arabiske verda. Ligaen arbeider for samarbeid innan næringsliv, finansvesen, transport, kultur, helsevesen, medlemslanda sin suverenitet og fremje av sams interesser. Ligaen arbeider for at Palestina skal anerkjennast som sjølvstendig stat.

Den arabiske ligaen (arabisk جامعة الدول العربية, Jami'at al-Duwal al-'Arabiyya)

Skipa22. mars 1945
HovudkontorDen arabiske ligas hovedkontor i Kairo
LeiarAhmed Aboul Gheit
Nettstadhttp://www.leagueofarabstates.net/ Sjå dette på Wikidata

Ligaen har inga overnasjonal myndigheit over medlemslanda, og spelar slik ei mindre omfattande rolle enn organisasjonar som til dømes Den europeiske unionen (EU).

Historie endre

 

Den arabiske ligaen vart grunnlagt 22. mars 1945 i Kairo, der han har sete. Sju land var med på opprettinga.

I byrjinga jobba ligaen i særleg grad for å sikre sjølvstende for land under kolonistyre. Seinare vart hovudfokuset retta mot å fremje samarbeid mellom medlemslanda. Ligaen har også spelt ei rolle i Israel-Palestina-konflikten. I 1948 gjekk seks av medlemslanda (Irak, Syria, Libanon, Transjordan, Egypt og Saudi Arabia) til angrep mot den nyoppretta staten Israel.

Medlemsland endre

 
Kart over land i Den arabiske ligaen.

Den arabiske ligaen er samansett av 22 medlemsland; 21 nasjonalstatar i Nord-Afrika og Midt-austen forutan Palestina.

Det bur over 300 millionar menneske innanfor ligaen. Talet (i millionar) på innbyggjarar i kvart land står i parentes bak landet.

  • 1 ^ Grunna ein fredsavtale med Israel var landet suspendert frå ligaen mellom 1979 og 1988.
  • 2 ^ Grunna styresmaktene si handtering av den libyske borgarkrigen var landet suspendert frå ligaen mellom 22. februar og 27. august 2011.

Toppmøte endre

Nr. Stad Dato
Frå Til
1   Kairo i Egypt 13. januar 1964 17. januar 1964
2   Alexandria i Egypt 5. september 1964 11. september 1964
3   Casablanca i Marokko 13. september 1965 17. september 1965
4   Khartoum i Sudan 29. august 1967
5   Rabat i Marokko 21. desember 1969 23. desember 1969
6   Kairo i Egypt 21. september 1970 27. september 1970
7   Alger i Algerie 26. november 1973 28. november 1973
8   Rabat i Marokko 29. oktober 1974
9   Riyadh i Saudi-Arabia 17. oktober 1976 28. oktober 1976
10   Kairo i Egypt 25. oktober 1976 26. oktober 1976
11   Bagdad i Irak 2. november 1978 5. november 1978
12   Tunis i Tunisia 20. november 1979 22. november 1979
13   Amman i Jordan 21. november 1980 22. november 1980
14   Fez i Marokko 6. september 1982 9. september 1982
15   Casablanca i Marokko 7. september 1985 9. september 1985
16   Amman i Jordan 8. november 1987 12. november 1987
17   Alger i Algerie 7. juni 1988 9. juni 1988
18   Casablanca i Marokko 23. juni 1989 26. juni 1989
19   Bagdad i Irak 28. mars 1990 30. mars 1990
20   Kairo i Egypt 9. august 1990 10. august 1990
21   Kairo i Egypt 22. juni 1996 23. juni 1996
22   Kairo i Egypt 21. oktober 2000 22. oktober 2000
23   Amman i Jordan 27. mars 2001 28. mars 2001
24   Beirut i Libanon 27. mars 2002 28. mars 2002
25   Sharm el-Sheikh i Egypt 1. mars 2003
26   Tunis i Tunisia 22. mai 2004 23. mai 2004
27   Alger i Algerie 22. mars 2005 23. mars 2005
28   Khartoum i Sudan 28. mars 2006 30. mars 2006
29   Riyadh i Saudi-Arabia 27. mars 2007 28. mars 2007
30   Damaskus i Syria 29. mars 2008 30. mars 2008
31   Doha i Qatar 28. mars 2009 30. mars 2009
32   Surt i Libya 27. mars 2010 28. mars 2010
33   Bagdad i Irak 27. mars 2012 29. mars 2012
34   Doha i Qatar Mars 2013

Generalsekretærar endre

Nr. Generalsekretær Innsett Forlét stillinga
1   Abdul Rahman Hassan Azzam 1945 1952
2   Abdul Khlek Hassouna 1952 1972
3   Mahmoud Riad 1972 1979
4   Chedi Klibi 1979 1990
5   Ahmed Asmat Abdel-Meguid 1991 2001
6   Amr Moussa 2001 2011
7   Nabil al-Araby 2011

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre