Den armenske sosialistiske sovjetrepublikken

Den armenske sosialistiske sovjetrepublikken eller Armensk SSR var ein sovjetrepublikk i Sovjetunionen.

Հայկական Սովետական Սոցիալիստական Հանրապետություն
Армянская Советская Социалистическая Республика
Den armenske sosialistiske sovjetrepublikken

1920–1991
Flagg Våpen
Flagg Våpen
Motto
"Պրոլետարներ բոլոր երկրների, միացե'ք!"
(«Proletarar i alle land, samein dykk!»)
Nasjonalsong
Nasjonalsongen til den armenske sosialistiske sovjetrepublikken
Plasseringa til Armensk SSR
Plasseringa til Armensk SSR
Hovudstad Jerevan
Språk Armensk og Russisk
Styreform Sovjetrepublikk
Historie
 - Oppretta 1920
 - Opphøyrde 21. september 1991
Areal
 - 1989 29 800 km²
Innbyggjarar
 - 1989 est. 3 287 700 
     Folketettleik 110,3 /km² 
Valuta Rubel (SUR)

Før sovjettida endre

Armenia var ein del av det russiske keisardømet frå 1828-1917, men etter Oktoberrevolusjonen i 1917 proklamerte Armenia, Georgia og Aserbajdsjan seg som sjølvstendige republikkar.[1] Tilhøvet mellom Armenia og Tyrkia hadde lenge vore konfliktfylt. Men då Tyrkia gjekk til åtak i september 1920, vart dei møtt av russiske kommunistar som tok kontrollen over Armenia og proklamerte det som sovjetrepublikk. Tyrkia og Armenia forhandla fram ein fredsavtale i 1921, men sjølvstendet for armenarane var no over.

Sovjetrepublikk endre

Frå 1922 vart Armenia ein del av den transkaukasiske sosialistiske sovjetrepublikken. Denne vart oppløyst i 1936 og delt inn i den armenske, den aserbajdsjanske og den georgiske sosialistiske sovjetrepublikken i 1936. Armensk SSR fekk no utbetra infrastruktur, utdanningssystem og industri som fylgje av statushevinga. Men som fylgje av at jordbruket skulle gjerast kollektivt, vart fleire tusen armenske bønder deportert frå 1930-åra og utover. Armensk SSR vart aldri okkupert under andre verdskrigen.

Nytt sjølvstende endre

Den armenske sosialistiske sovjetrepublikken tok slutt hausten 1991. Sovjetrepublikken hadde allereie i 1990 fått vald ein ikkje-kommunistisk president, Levon Ter-Petrosjan. Den 21. september heldt landet folkeavstemning om sjølvstende. 95 % av armenarane deltok, og 94 % av røystene svara ja til sjølvstende. Landet erklærte seg sjølv som sjølvstendig republikk den 23. september. Levon Ter-Petrosjan vart innvald på nytt i oktober.

Kjelder endre

«Armenia/historie» i Store norske leksikon, snl.no. av Alf Schønhardt, Trond Smith-Meyer og Gunnar Filseth. Henta inn 26. august 2012.

Fotnotar endre