Opna hovudmenyen

Matti Taneli Vanhanen (fødd 4. november 1955 i Jyväskylä) er ein finsk journalist og politikar (frå Centern). Han var statsminister i Finland frå 2003 til 2010.

Matti Vanhanen
Matti Vanhanen 2017 09.jpg
Fødd4. november 1955
Jyväskylä
NasjonalitetFinland
PartiCentern i Finland
Yrkepolitikar, bloggar, journalist
Utdanna vedHelsingfors universitet
FarTatu Vanhanen
VervStatsminister i Finland 2003-2010
FøregangarAnneli Jäätteenmäki
EtterfylgjarMari Kiviniemi

Frå 1980 til 1983 var Vanhanen leiar for Centerns ungdomsförbund. Frå 1985 til 1991 jobba han i avisa Kehäsanomat, som sjefredaktør frå 1988. I 1991 vart han vald inn i den finske riksdagen.

Vanhanen vart først forsvarsminister då Anneli Jäätteenmäki danna regjering våren 2003. Då Jäätteenmäki gjekk av etter berre eit par månader vart Vanhanen statsminister og partileiar.

Ved presidentvalet i 2006 var Vanhanen Centern sin kandidat. Han kom på tredje plass i første valomgangen med 18,6 % av røystene. I andre valomgang gav han si støtte til Samlingspartiet sin kandidat Sauli Niinistö.

Vanhanen er totalfråhaldsmann. Han er skild og har to born.

BakgrunnsstoffEndra