Den internasjonale skilsdomsretten for sport

Den internasjonale skilsdomsretten for sport (fransk Tribunal arbitral du sport, TAS; engelsk Court of Arbitration for Sport, CAS) er ein skilsdomsrett oppretta for å avgjera tvistar innan idrett. Han har hovudkvarter i Lausanne og lokale i New York og Sydney. I tillegg har han midlertidige rettslokale i olympiske vertsbyar.

Hovudkvarter i Lausanne

Domstolen vart oppretta på initiativ frå Juan Antonio Samaranch kort tid etter at han vart vald som president i Den internasjonale olympiske komiteen (IOK).[1] Statuttane for den nye voldgiftsretten vart vedtekne av IOK i 1983, og dei tredde i kraft 30. juni 1984. Ti år seinare vart ein av avgejerdene til skilsdomsretten anka inn for høgsteretten i Sveits, og sjølvstendet til skilsdomstolen vart drege i tvil. Den sveitsiske domstolen konkluderte med at Den internasjonale skilsdomsretten for sport var ein reell skilsdomstol, men påpeikte  samband til IOK. Som ei følgje av dette vart Den internasjonale skilsdomsretten for sport underlagt reformer for å gjera han meir sjølvstendig frå IOK, organisatorisk og økonomisk. Den største reforma var etableringa av Det internasjonale skilsdomsrådet for sport, som overtok IOK si rolle i drifta og finansieringa av skilsdomsretten.

Referansar endre

  1. Historien til Den internasjonale voldgiftsretten for sport, arkivert frå originalen 15. juni 2012, henta 1. februar 2018 

Bakgrunnsstoff endre