Den kambodsjansk-vietnamesiske krigen

Den kambodsjansk-vietnamesiske krigen var ein krig mellom Vietnam og Raude Khmer frå Vietnam invaderte Kambodsja den 25. desember 1978 (landet var okkupert 7. januar 1979) til Vietnam trekte seg ut i september 1989.

Den kambodsjansk-vietnamesiske krigen
Del av Den tredje indokinakrigen og Indokinakrigane

Kart over Kambodsja. Kartet viser leirane til antivietnamesiske opprørsgrupper under borgarkrigen i perioden 1979-84. Raude prikkar symboliserer Raude Khmer-leirar, blåe trekantar symboliserer FUNCINPEC-leirar]], og svarte firkantar symboliserar KPNLF-leirar.
Dato Mai 1975 eller 25. desember 1978 (omstridd) - 26. september 1989
Stad Kambodsja
Krigsårsak Kambodsjanske grenseraid i Vietnam og etnisk reinsking av vietnamesarar i Kambodsja
Resultat Vietnamesisk siger
  • Raude Khmer-regimet vart styrta
  • Den vietnamesiske og kambodsjanske hæren slo ned Raude Khmer-opprøret
Partar
 Vietnam

Flagget til Kambodsja Folkerepublikken Kampuchea (frå 7. januar 1979)
Støtta av:
 Laos
 Sovjetunionen[1][2]
 Tsjekkoslovakia

Raude Khmer

Flagget til Kambodsja FUNCINPEC
Flagget til Kambodsja KPNLF
Støtta av:
 Folkerepublikken Kina
 USA
 Thailand

Kommandantar
Flagget til Vietnam Le Duan

Flagget til Vietnam Le Duc Anh
Flagget til Vietnam Van Tien Dung
Flagget til Kambodsja Heng Samrin
Flagget til Kambodsja Hun Sen
Flagget til Kambodsja Meas Sophea

Raude KhmerPol Pot  #

Raude Khmer Khieu Samphan  #
Flagget til Kambodsja Norodom Sihanouk
Flagget til Kambodsja Son Sann

Styrkar
Vietnam:

200,000 soldatar
Den kampucheanske hæren:
50,000 soldatar (1987)

Invasjonen i 1979:[3]

73,000
Opprørsstyrkar under borgarkrigen:
30,000

Tap
Vietnam:

15,000 daude,
30,000 skadde
Kambodsjanske soldatar:
Ukjent

15,000 daude
Sivile tap:

25,000 - 200,000[4]

Bakgrunnen for at Vietnam invaderte Kambodsja var fleire grenseraid frå Kambodsja og etnisk reinsking av vietnamesarar i Kambodsja.[treng kjelde]

Etter gjentekne grenseraid frå Kambodsja si side (under Raude Khmer) vart leiarane i landet innkalla til dialog. Kambodsja ignorerte dette, og fortsette som tidlegare.[treng kjelde]

I 1978 avslutta det heile med at Vietnam sa at om dette skjedde igjen, kom dei til å foreta ein invasjon med støtte frå Sovjetunionen. Då raida fortsette invaderte Vietnam Kambodsja, noko som igjen førte til at Kina angreip Vietnam og det braut ut borgarkrig i Kambodsja. Invasjonen vart sett på som ei frigjering av størsteparten av den kambodsjanske befolkninga, sidan det vart slutt på det brutale Raude Khmer-styret av landet.[treng kjelde] Raude Khmer gav seg ikkje, og dei fekk støtte frå nokre andre grupper. USA og Kina brukte vetorett mot å få den nye og demokratiske regjeringa til Heng Samrin inn i SN, og Den demokratiske koallisjonsregjeringa av Demokratisk Kampuchea, som bestod av Raude Khmer og nokre andre grupper som støtta dei, fekk representere Kambodsja i SN.[5]

USA, Folkerepublikken Kina og Thailand støtta Raude Khmer-geriljaen finansielt. Sovjetunionen[1][2] og Laos støtta Vietnam og den nye regjeringa i Kambodsja med militær hjelp.

Referansar

endre
  1. 1,0 1,1 Vietnam - The Soviet Union
  2. 2,0 2,1 Cambodia - Soviet Aid
  3. Frå den dåverande kambodsjanske hæren kontrollert av Raude Khmer
  4. [1]
  5. Cambodia-COALITION GOVERNMENT OF DEMOCRATIC CAMPUCHEA