Den nordatlantiske virvelen

Den nordatlantiske virvelen i Atlanterhavet er eit sirkulært system av havstraumar som strekkjer seg frå nær ekvator i sør og nordover nesten til Island, og frå austkysten av Nord-Amerika til vestkysten av Europa og Afrika.

Havstraumane rundt den nordatlantiske virvelen.

Virvelen omfattar mellom anna Golfstraumen i vest, Den nordatlantiske straumen i nord, Kanaristraumen i aust og Nordekvatorialstraumen i Atlanterhavet i sør. Han er ein av fem stor havvirvlar i verda. Dei andre er Den søratlantiske virvelen, Virvelen i Nord-Stillehavet, Virvelen i Sør-Stillehavet og Indiahavvirvelen.

Virvelen er viktig for termohalin sirkulasjon i verdshava, ved at han fører med seg salt vatn vest frå Middelhavet og deretter nordover til det nordatlantiske djupvatnet. Den nordatlantiske virvelen dannar Sargassohavet, som er kjend for sitt stille vatn og tjukke tangsamlingar. Virvelen fangar også opp marint avfall i det nordatlantiske søppelflaket, om lag på same måte som i det betre kjende søppelflaket i Stillehavet.[1]

Kjelder endre

  1. Lavender Law, Kara; S. Moret-Fergusen; N. Maximenko; et al. (2010). «Plastic accumulation in the north atlantic subtropical gyre». Science 329 (5996): 1185–8. Bibcode:2010Sci...329.1185L. PMID 20724586. doi:10.1126/science.1192321. 

Bakgrunnsstoff endre