Opna hovudmenyen

Jakobselva i Sør-Varanger

elv i Sør-Varanger kommune i Finnmark

Jakobselva (nordsamisk Vuorján, russisk Ворьема, Vorjema; finsk Vuoremijoki) er ei elv som ligg dels i Sør-Varanger kommune i Finnmark, dels i Murmansk oblast i Russland, og munnar ut i Varangerfjorden. Den austlegaste og nordlegaste strekninga av grensa mellom Noreg og Russland går i denne elva.

Jakobselva i Sør-Varanger
elv
Misty Grense Jakobselv 2009-09-29.JPG
Jakobselva rett før munningen ved Grense Jakobselv, fotografert mot sør. Åsane på andre sida av elva ligg i Russland.
Wikimedia Commons: Grense Jakobselv
Den gul-svarte stolpen er grensemerket på den norske sida av Jakobselva. Saman med ein rød-grøn stolpe på russisk side av elva markerer denne stolpen at grensa mellom dei to landa går i elva. Grensa er stadfesta ved hjelp av to rader av slike parvis nummererte stolper på kvar si side av elva.

Elva er 45,0 km lang, og har eit nedslagsfelt236,44 km².[1] Middelvassføringa ved munningen er 4,13 m³/s.[1] Dei største sideelvene er Holmvasselva, Sandvasselva og Korpvasselva på norsk side av grensa og Siuvjakuru på russisk side.

Sjå ògEndra

ReferansarEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Jakobselva i Sør-Varanger