Den norske unitarkirke

Den norske unitarkirke (Unitarforbundet) er forbundet for unitaristar i Noreg. Unitarisme, som òg går under namna «unitarisk kristendom» eller «kristenunitarisme», er ei retning av kristendommen som byggjer på trua om at Gud er eineveldig og éin, og forkastar dermed idéen om ei likeverdig treeinigheit. Unitarismen talar for eit dogmefritt syn, altså at tru er individuell og blir skapt i møtet mellom Gud og individet. Mennesket er ansvarleg for å tolke si tru individuelt, utan korrigerande læresetningar. Ulike individ kan ha ulik tolking. Likevel har dei ulike kristenunitariske trussamfunna ein felles truskjerne. Denne kjernen blir kalla trusprinsippa og er i stadig utvikling.

Symbolet til unitarane i Noreg, Ungarn og Romania. Dua og slangen står på jordkloden, jf. bibelverset Matt. 10,16, der didiplane vert sende ut ut med formaninga: «Ver listige som ormar og uskuldige som duer!»

Den norske unitarkyrkja vidarefører den kristne tradisjonen som i dag lever i dei ungarske og rumenske unitarkyrkjene, men legg òg vekt på å praktisere ein felles mosaisk arv. På det viset skil kyrkjesamfunnet seg òg frå andre kristenunitarkyrkjer. Den norske unitarkyrkja ligg nær opp til den unitariske Szekler-sabbatarianismen og representerer truleg i dag det nærmaste ein i ein kristen samanheng kjem til reformjødisk tru og praksis. Dette kjem særleg til syne ved at ein held sabbaten frå fredag kveld til laurdag kveld og feirar denne etter jødisk rituale. Mennene ber kippá (jødisk kalott). I tillegg til dei tradisjonelle kristne høgtidene feirar ein jom kippúr, rosj hasjaná, sukkót (lauvhyttefesten), hanukká, purím, pesah (jødisk påske) og sjabu‘ót (vekefesten eller jødisk pinse). Nærleiken til jødedommen er grunna i synet at kristendommen må forståast gjennom eit jødisk perspektiv.

Historie endre

I 1568 vart den transilvanske unitarkyrkja stifta av biskop Frans David. Etterfølgjarane hans vart seinare kalla unitarar fordi dei avviste treeinigheitslæra og meinte at Jesus var eit menneske og ikkje noko anna.

I 1894 etablerte unitarpresten Hans Tambs Lyche det første unitariske tidsskrift i Noreg, Frie ord, og året etter grunnla den norske unitarpresten og forfattaren Kristofer Janson den første unitarkyrkja i Noreg. Før dette (i 1888) vart Nina og Edvard Grieg dei første norske unitarane som var busette i Noreg. Dette kyrkjesamfunnet vart godkjent av Stortinget som landets andre dissentarsamfunn og var aktivt fram til 1937, da det vart avvikla. På hundreårsdagen etter grunnlegginga (1995) atteroppstod delar av kyrkjesamfunnet som småe unitargrupper i Oslo-området, og 1. januar 2004 etablerte desse gruppene, i nær kontakt med dagens transilvanske unitarisme i Ungarn og Romania, trussamfunnet Unitarforbundet (Den norske unitarkirke). I 2005 vart kyrkja registrert hjå fylkesmannen i Østfold, og Det kongelege kultur- og kyrkjedepartementet innvilga einerett til namnet Unitarforbundet (Den norske unitarkirke), som i dag er det offisielle namnet på kyrkja. Den siste tida har det utvikla seg praksis for berre å bruke namnet Den norske unitarkirke.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre