Den sørlege vasslangen
Den sørlege vasslangen (frå latin Hydrus) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Det vart først avbilda i himmelatlaset til Johann Bayer i hans Uranometria frå 1603. Den franske oppdagaren og astronomen Nicolas Louis de Lacaille kartla dei lystare stjernene og gav dei Bayernemning i 1756.
Den sørlege vasslangen | |
---|---|
Latinsk namn | Hydrus |
Forkorting | Hyi |
Genitivsform | Hydri |
Symbologi | Namngitt av Bayer |
Rektasensjon | 2 h |
Deklinasjon | −70° |
Areal | 243 kvadratgrader nr. 61 av stjernebilda |
Stjerner sterkare enn mag. 3 |
2 |
Sterkaste stjerne | Hydri alfa; (α Hyi) (2,86. mag.) |
Meteorsvermar |
|
Tilgrensande stjernebilde |
|
Synleg mellom breiddegradane + ° og −90° | |
Den mest lyssterke stjerna har storleiksklasse 2,8 og heiter Beta Hydri. Ho er òg den meir lyssterke stjerna som ligg nærast den himmelske sørpolen. Gamma Hydri er ei variabel raud kjempe som pulserer mellom storleiksklassane 3,26 og 3,33, og har ein diameter som er kring 60 gonger så stor som sola. Ho ligg nær VW Hydri, ein av dei emst lyssterke dvergnovaene. Ein har funne fire stjernesystem med eksoplanetar, mellom anna HD 10180, som kan ha opp til ni planetar.