Dvergspett

fugleart
(Omdirigert frå Dendrocopos minor)
Dvergspett
Dvergspett
Dvergspett
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]Utbreiinga av Dvergspett
Utbreiinga av Dvergspett
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Coraciimorphae
Orden: Spettefuglar Piciformes
Familie: Spettefamilien Picidae
Slekt: Dryobates
Art: Dvergspett D. minor
Vitskapleg namn
Dryobates minor

Dvergspett (Dendrocopos minor) er ein liten fugl i spettefamilien som lever i den palearktiske regionen.[2] Der finst fleire underartar av dvergspetten. I Noreg var han lista på norsk raudliste 2006 i kategorien sårbar (VU), men frå 2010 vart han rekna som ikkje truga.[1]

Skildring endre

 
Dvergspett sett frå sida

Dvergspetten kan vera vanskeleg å få auge på, grunna den føretrekte tilhaldsstaden hans i tretoppane, og storleiken på fuglen (om lag 16 cm). Han er merkbart mindre enn andre svart-kvit spettar i Noreg. I fjørdrakta skil han seg frå kvitryggspetten ved at den kvite bakryggen er tverrstripete i svart, og at undersida er kvit med bruntonar. Hannen har raud isse, mens hoa har svart. Nebbet og føtene er grå-svarte.

Åtferd endre

Habitatet til dvergspetten liknar flaggspettens, og han har den same nesten treangulære bolleaktige forma når han flyg frå tre til tre. Han er vanleg i lauv- og blandingsskog i heile landet, utanom på Vestlandet, der han er sjeldan. Lokketona hans er eit «kikk» som er lågare enn dei større spettane, men likevel høgt til å vera frå ein såpass liten fugl. Når dvergspetten blir opphissa kan han gi frå seg fleire «kirekk», som liknar ropa til flaggspetten og kvitryggspetten. I forplantingstida, og av og til om hausten, kan han gi frå seg eit vendehalsliknande «ki-ki-ki-ki». Med trening kan ein skilja den vibrerande klangen i songen hans frå dei større spettane. Han bruker òg tørre greiner til å tromma på.

Dvergspetten jaktar på same måte som flaggspetten, ved å hakka laus ròten bork og treverk for å komma fram til insektslarvar, som er hovuddietten hans gjennom vinteren. Om sommaren fôrar han kjuklingane sine med insekt/insektslarvar og edderkoppar. Om nettene søv dvergspettane i hòl i trea.

 
Dvergspettegg.

Sponrester kan vera ein indikasjon på reirplass, for dvergspetten er ikkje så nøye på å fjerna flis og spon når han lager hòl i trea. Hòla er forholdsvis høgt over bakken, opptil 10-13 m., og blir som regel hakka ut i lauvtre, ofte bjørk. Diameteren på hòla er om lag 3-4 cm, og i mai-juni legg hoa 4-6 kvite egg på eit underlag av laushakka flis. Etter at begge foreldra har delt på å ruga på egga klekker etter om lag 11 dagar, og held seg i reiret i 18-21 dagar til før dei flyg ut.

Dvergspetten er ein stand- og streiffugl.

Kjelder endre

Referansar
  1. 1,0 1,1 Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av dvergspett Dryobates minor for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 13. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 13. mars 2022. Henta 13. mars 2022.