Opna hovudmenyen
Kvitryggspett


Dendrocopos leucotos
Dendrocopos leucotos

Systematikk
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Piciformes
Familie: Picidae
Slekt: Dendrocopos
Vitskapleg namn
Dendrocopos leucotos
Bechstein, 1802

Kvitryggspett (Dendrocopos leucotos) er ein fugl i spettefamilien.

UtsjånadEndra

Fuglen er 24-26 cm. lang, og liknar flaggspetten i fjørdrakta, berre med kvite linjer over vengjene (framfor prikkar), og ein kvit nedre rygg. Hannen er raud på hovudet, mens hoa er svart.

LæteEndra

Tromminga er typisk, og er langt utdregen jamført med andre spetter og varer i to sekund. Ho kan kjennast på ein avvaktande og kraftig opning, og ein akselerasjon på slutten samstundes som lyden vert svakare, til liks med ein bordtennisball før han legg seg til ro på golvet. Ropet er eit raskt skrattande goeddi-goeddi-goeddi, tonfallet er noko det same som hos ein steinvendar. Kvitryggspetten har og ein lokkelåt som liknar flaggspetten, eit kick. Skilnaden kan vere at kvitryggspetten har ein tjukkare lyd med lågare tonehøgd, og ikkje heilt like skarp, meir som bjyck. Når fuglen er uroleg vert læta oppatteken i ujamne ramsar.

FødeEndra

Fuglen et biller som han finn under borken på tre, larvar og insekt, frø og bær. Dette er ein art som er knytt til lauvskog som har rikeleg med daude tre.

VernEndra

I Noreg har Samnanger kommune fått et spesielt ansvar for å verne om sin bestand av Kvitryggspett.[1]

KjelderEndra

Norsk Raudliste 2006, 8MB

ReferansarEndra

  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.