Desko Mountains
Desko Mountains er ei fjellkjede på Rothschild Island, like nordvest for Aleksanderøya i Antarktis. Fjellkjeda strekkjer seg 20 nautiske mil (37 km) frå Bates Peak til Overton Peak og stig opp til kring 1 000 moh ved Enigma Peak på Fournier Ridge.[1] Andre fjell er Goward Peak, Schenck Peak, Morrill Peak og Thuma Peak.[2][3] I aust ligg Lazarev Bay, ei rektangulær bukt som skil austsida av Rothschild Island frå nordvestkysten av Aleksanderøya.
Desko Mountains | |||
fjellkjede | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Palmer Land | ||
- koordinatar | 69°37′S 72°23′W / 69.617°S 72.383°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Desko Mountains 69°37′00″S 72°23′00″W / 69.6167°S 72.3833°W | |||
Fjella vart delvis sett på avstand av F. Bellingshausen i 1821 og av Jean-Baptiste Charcot i 1909, men detaljane var lenge ukjende. Fjellkjeda vart fotografert frå lufta av U.S. Navy Operasjon Highjump og Ronne antarktiske forskingsekspedisjon i 1947 og kartlagd frå flyfotografi av D. Searle frå Falkland Islands Dependencies Survey i 1960. Fjellkjeda vart ytterlegare kartlagd av U.S. Navy sine flyfotografi, 1966, og Landsat-bilete i 1975. Dei vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names etter offiser Daniel A. Desko i US Navy, befalshavande under Operasjon Deep Freeze, 1977.[1]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Desko Mountains». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 4. desember 2012.
- ↑ http://data.aad.gov.au/aadc/gaz/display_name.cfm?gaz_id=108486
- ↑ Desko Mountains, www.mountainsmounts.com/
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Desko Mountains» (innhald frå Geographic Names Information System).