Det Beste

Det Beste er den norske utgåva av det amerikanske månadsmagasinet Reader's Digest. Reader's Digest vart grunnlagd av Lila Acheson Wallace og Dewitt Wallace i 1922. Den norske utgåva kom i 1947. I 2004 hadde den amerikanske utgåva 44 millionar lesarar kvar månad. Det Beste vert gjeve ut på lisens frå Lindhardt og Ringhof A/S.

Logoen til Reader's Digest, den engelskspråklege utgåva av Det Beste.

Forlaget er ein del av Egmont-konsernet. Globalt har Det Beste om lag 100 millionar lesarar og kvar månad verta cirka trykt 25 millionar eksemplar. Bladet vert utgjeve i 50 versjonar i 70 land. (2000) I 1994 trykte den amerikanske versjonen sit blad nrummer éin million. Det Beste (Noreg) hade i 2000 om lag eit opplag på 120 000. Dette er ein nedgang frå 1960-talet, då bladet hadde over 300 000 i opplag.

Reader's Digest vert i år 2000 utgjeve i 48 utgåver på 21 ulike språk; engelsk, portugisisk, spansk, norsk, finsk, svensk, dansk, tysk, fransk, italiensk, nederlandsk, russisk, kinesisk, ungarsk, tsjekkisk, koreansk, slovakisk, thai, argentinsk, og polsk.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra